Utvandringsagentene

Hvem bistod emigrantane med nødvendig papirer, billetter og informasjon? Slekt og Data Molde starta høstsesongen med tema "utvandringsagentene".

Kenneth Staurset Fåne såg nærmare på utvandringsagentane si rolle for nokre år sidan i samband med ein artikkel til ei årbok. No hadde han tatt opp att temaet i samband med utvandringsjubileet.

Det var eit nettverk av utvandringsagentar over heile landet, med minst 30 som verka i Romsdal i perioden 1867-1939. Dei arbeidde for forskjellige reiseselskap, med Cunardlinjen i Trondheim som eit av dei største. Agentane var som oftast vanlege handelsmenn som hadde utvandringsagentur i tillegg til sal av vanlege handelsvarer. Det vart sett opp reklameplakatar med flotte fargetrykk av reisetilbodet og muligheitene i USA.

Det kom etter kvart kritikk av pågåande marknadsføring for å kapre kundar. Frå 1890 vart det strengare krav til selskapa om at dei måtte ta betre vare på passasjerane, og dei måtte hjelpe dei attende til Norge om dei vart nekta innreise til USA.

Ennå ikke medlem

i Norges største organisasjon for slektsforskere?

Se alle medlemsfordeler

Annonse:

banner ad