Sommartur til Gossen

Slekt og Data Molde har, som mange andre lag, årlig tradisjon om sommartur. Sommarturen i år gjekk til Aukra Kulturhus på Falkhytten på Gossen i Aukra kommune.

Ein entusiastisk kultursjef, Anne Jorun Sandøy, viste oss rundt og fortalte smått og stort om kulturhuset som dei no har hatt i bruk i 3 år. Det er eit påkosta hus, som seg hør og bør for ein rik gasskommune, og det er eit hus som gir rom for eit vidt spekter av kulturaktivitetar for alle innbyggjarane, frå eit flott bibliotek, til stor kultursal, dansesal, mange møtesalar og grupperom og 25 m svømmebasseng. Ungdommen var spesielt tilgodesett med mange aktivitetstilbod. Kaféfasilitetane i huset har blitt ein viktig møteplass for innbyggjarane, særleg dei eldre, sidan fleire av tilboda elles i Aukra vert nedlagt. Huset formeleg bobla av frivillig aktivitet.

Og mellom alt det nye og moderne har dei passa på å ta vare på minne frå « gamle Aukra», gjennom namnebruk på salar og møteplassar, gjennom minne frå gamlekulturhuset Soltun og gjennom utstilling av arven etter den berømte fiolistinna Camilla Wicks, med nære anar frå Aukra.

Tre medlemmar frå Slekt og Data Aukra møtte oss med kaffi, flott DIS-kake og godt humør.

Og alle var einige om at det var ein fin tur

Ennå ikke medlem

i Norges største organisasjon for slektsforskere?

Se alle medlemsfordeler