Vindafjord
Vindafjord kommune og Ølen kommune vart slått saman til Vindafjord kommune frå 01.01.2006. Kommunesenteret er i Ølen, men kommunale tjenester ligg også i Sandeid. I kvar av dei 9 bygdene er det grunnskule, SFO og barnehage.
Folketal
Pr. 01.04.2012 hadde Vindafjord kommune 8 516 innbyggjarar.
Areal
Vindafjord kommune har eit areal på 620 km2.
Det er berre 4 kommunar i Rogaland som er større enn Vindafjord i areal.
Levekår
I den landsomfattande undersøkinga i 1999 av levekår i kommunane kom gamle Vindafjord kommune på 4. plass og gamle Ølen kommune på 16. plass av alle kommunar i landet. Undersøkinga gjekk på helse-, tryggleik-, økonomi- og sysselsetjingsfaktorar.
Næring
Vindafjord kommune har eit variert næringsgrunnlag.
Gamle Vindafjord kommune hadde i 2002 registrert 355 einingar innanfor jordbruk, mens Ølen hadde 148.
Når det gjeld industri, er der mange store/ mellomstore og små livskraftige bedrifter i kommunen - fleire store databedrifter og to store slakteribedrifter. I Ølensvåg er der eit stort verftsområde og betongindustri.
WestCon gruppen med ca. 750 ansatte, og Omega AS med ca. 1000 ansatte er de største arbidsplassene i Vindafjord.