Hederspris til Ragnar Albertsen
Ragnar Albertsen tildeles hedersprisen fra SD MR for sin innsats som fylkesfotoarkivar ved IKA Møre og Romsdal for bevaring og registrering av foto gjennom mange år, samt hans gode samarbeid med SD MR gjennom mange år.
Han hadde sin siste arbeidsdag ved IKA Møre og Romsdal 29. oktober 2021. Vi siterer fra IKA Møre og Romsdal si hjemmeside:
«I 25 år har Ragnar jobba med fotobevaring i Møre og Romsdal. Ragnar starta allereie i 2002 med direkte digitalisering og lasta digitaliserte bilde på nett allereie i 2005. Ved skipinga i 1996 var fylkesfotoarkivet plassert ved Aalesunds museum, vart lagt ned som eiga avdeling i 2008 og låg fram til 2013 under Stiftelsen Sunnmøre museum (no Viti).
Ragnar har jobba med fotobevaring opp mot kommunar, historie- og sogelag, museum, fotografar og privatpersonar. Han har jobba godt med fotobevaring i heile fylket og er respektert i fotofaglege miljø i den norske kultursektoren. I nesten like mange år har Ragnar leia ein dugnadsgjeng frå DIS (Foreningen Data i slektsforskning avd. Ålesund). Saman har dei digitalisert og gitt informasjon til tusenvis av bilde som ligg ute på nett i Fylkesfotodatabasen.
Vi takkar Ragnar så mykje for den formidable innsatsen og ønsker han lykke til som pensjonist.»
Ragnar Albertsen, Foto: Piotr Cabaj