Lokale grupper
Slekt og Data Sogn og Fjordane ønsker å starte opp nye lokal grupper
Foto: Norsk Folkemuseum
Slekt og Data Sogn og Fjordane har ei målsetjing om at det skal være ei lokal gruppe innafor ei akseptabel reiseavstand i heile gamlefylket. Kva er så akseptabel reiseavstand? Tek ein utgangspunkt i reisetid for born i grunnskulen, vil nok dette ligge rundt 30 – 40 minutt køyretid.
I dag har Slekt og Data Sogn og Fjordane ei slik gruppe. Dette er Slekt og Data Flora, og desse har møte saman med Flora Historielag to ganger i månaden på Kystmuseet. Eit samarbeid som begge foreiningane haustar fordeler av då slektsforsking og er lokalhistorie.
Vidare har vi 2025 sett i gong tre grupper, ei i Ytre Nordfjord, ei i Gloppen og ei i Sunnfjord. På dei få møta vi har hatt har frammøte vore godt, og v har bestemt at det vert eit fast tilbod frå september 2025 i desse gruppene.
Vi oppfordrar medlemmane til å gå i tenkeboksen når det gjeld oppstart av lokale grupper, distriktslaget vil kunne bidra økonomisk til drifta slik at dette ikkje vert ei belastning på dei medlemmane som vel å nytte seg av eit slikt tilbod.
Alle lokale grupper treng ein kontaktperson (kan være fleire) som står føre kontakta med distriktslaget og medverkar til gjennomføringa av møta i den lokale gruppa.
Den lokale gruppa har ikkje eigen økonomi, og kan ikkje inngå økonomiske forpliktingar. Gruppa søkjer distriktslaget om økonomisk støtte ved behov. Inntekter som den lokale gruppa skaffar seg, t.d. ved kaffipengar, lotteri, sponsing, er den lokale gruppa si eige. (Sjå lenka)
Kva rammer kan ein legge til grunn ved oppstarten av ei lokal gruppe?
Her står ein fritt om ein vel kommunegrenser, geografisk avgrensing eller om ein vil legge dei gamle Prestegjelda til grunn. Ein lyt finna det området som gir gruppa det beste eksistensgrunnlaget.
Kanskje bør ein lokalt og ta kontakt med historielaget om eit samarbeid, så kanskje bør ein diskutere områdeavgrensingar med dei før ein bestemmer seg.
Vidare kan det være greitt å orientere seg om det fins liknande grupper som kan ha overlappande interesseområde. Kan hende får ein til å legge møte på forskjellige dagar slik at medlemmane kan møte begge stader?
Kva treng ein av utstyr for å starte opp ei slik gruppe?
Fyrst og fremst treng ein ein møtestad, med tilgang til Internett og ein prosjektør eller storskjerm, slik at ein kan kommunisere mot arkiva, kunne ha eit gjesteforedrag, vise eit webinar (eit digitalt opptak av eit foredrag eller kurs) eller ha tilgang til ein instruktør og vise skjermbilde på storskjerm. Undersøk med Kulturkontoret i kommuna om mogelege møteplassar som skular, bibliotek, kommunale forsamlingshus. Dei aller fleste kommunane har tilbod om gratis bruk av lokaler for frivillige organisasjonar. Sjølvsagt er det ein fordel at ein kan nyte ein kopp kaffi og eit kakestykke, men det er opp til kvar enkel gruppe.
Er dette av interesse? Ta kontakt med distriktslaget ved leiar Bjarne Husevåg