Sigurd Bernhard Myhre - familie i Trondheim

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
Bent Annkjell Vatnehol
Innlegg: 84
Registrert: 13. mars 2005 kl. 14.55
Sted: HAREID

Sigurd Bernhard Myhre - familie i Trondheim

Legg inn av Bent Annkjell Vatnehol » 2. oktober 2018 kl. 20.08

Søker i forumet etter opplysninger om familien til Sigurd Bernhard Myhre, f. i Trondheim 11. sept 1874 av foreldre Randulf Myhre (skreddersv) og h. Oline.
https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001019079

Konfirmert i Trondheim
https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000828412
og bor da i Klostergt.

I ft 1891 for Trondheim er han smedsvenn
https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000001019079

Vi veit at han var med på ein mislukka "Nordpolekspedisjon" 1903 - 1905 og at han vart sjuk og døydde 16. mai 1904 i leir på Frans Josefs Land og er gravlagt der. Dette er ført i kyrkjeboka for Domskirka:
https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001125187

Om polar-ekspedisjonen finn vi på Wiki:
https://en.wikipedia.org/wiki/Ziegler_Polar_Expedition
Han er da fyrbøter.

Vi veit også at ein mann med same namn er innført i kyrkjeboka til Metodistkirka i Bergen der han inngår ekteskap med ei Johanne Ingebrigtsdatter (f. i Bergen 2. april 1853).
I Metodistkirka er denne mannen registrert som f. i 1844 - altså 30 år tidligere.
Han er ved ekteskapet ført som "smedsvenn" - det same som Sigurd Myhre f. 1874.
Johanne er ved ekteskapet ca 50 år.

I digitalarkivet finn vi ingen andre med dette namnet, født tidlegare enn 1874 (1872 i ei kjelde).

I FT 1875 finn vi familien mor, far og 2 døtre og 2 sønner, der Sigurd er yngst:
https://www.digitalarkivet.no/census/pe ... 2359010155
Her er faren Randulf oppgitt å vere født på Opdal.

Det vi er ute etter er om mulig å få bekrefta at det er Sigurd omtalt bl.a i gitte linker over er den som i 1903 i januar gifter seg med Johanne i Bergen.

Nemner også at Johanne døyr av kreft 1904, faktisk ETTER at (eventuelt) mannen var død på Frans Josefs Land.
I dødsmeldinga til skifteretten er Johanne Myhre oppført som Fyrbøter hustru og mannen er oppgitt å vere Sigurd Myhre - fyrbøter.
https://media.digitalarkivet.no/view/27890/25?indexing=

Tenkjer at dødsmeldinga til Sivert ikkje har nådd Bergen hausten 1904 - ho er ført som hustru.
Restane av polekspedisjonen kom sommeren 1905 - då vart innføringa i kyrkjeboka i Trondheim - han som enkemann (i 1905) med foreldra som pårørande - dei visste at Johanne var død i Bergen hauste før.

Noken som veit noke her - familie til søske - etterkommere?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5746
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Sigurd Bernhard Myhre - familie i Trondheim

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 2. oktober 2018 kl. 20.36

Bent skrev:
Vi veit også at ein mann med same namn er innført i kyrkjeboka til Metodistkirka i Bergen der han inngår ekteskap med ei Johanne Ingebrigtsdatter (f. i Bergen 2. april 1853).
I Metodistkirka er denne mannen registrert som f. i 1844 - altså 30 år tidligere.
Han er ved ekteskapet ført som "smedsvenn" - det same som Sigurd Myhre f. 1874.
Johanne er ved ekteskapet ca 50 år.

I digitalarkivet finn vi ingen andre med dette namnet, født tidlegare enn 1874 (1872 i ei kjelde).


Er vigsla i Metodistkyrkja skanna? lenkje?
Står det meir enn namn og alder der? (farsnamn, fødestad, ....)

- at de ikkje finn andre kan ha mange grunnar, t.d. manglande dataregistrering og avvikande skriftformer

Bent Annkjell Vatnehol
Innlegg: 84
Registrert: 13. mars 2005 kl. 14.55
Sted: HAREID

Re: Sigurd Bernhard Myhre - familie i Trondheim

Legg inn av Bent Annkjell Vatnehol » 2. oktober 2018 kl. 20.39

Takk
Har fått opplyst giftermålet frå Metodistkirka i Bergen - Har forespurt på ny men får berre oppgitt namn på forlovere - som er frå Bergensområdet.

gj25675
Innlegg: 4100
Registrert: 29. mai 2016 kl. 12.36
Sted: DRØBAK

Re: Sigurd Bernhard Myhre - familie i Trondheim

Legg inn av gj25675 » 2. oktober 2018 kl. 20.50

I Metodistkirka er denne mannen registrert som f. i 1844 - altså 30 år tidligere.
Han er ved ekteskapet ført som "smedsvenn" - det same som Sigurd Myhre f. 1874.


Det er fort gjort å se feil på et håndskrevet 4- tall og 7-tall, så 1844 kan godt være 1874. Det hadde selvfølgelig vært best å se det scannede dokumentet.

Hilsen
Matthias

Bent Annkjell Vatnehol
Innlegg: 84
Registrert: 13. mars 2005 kl. 14.55
Sted: HAREID

Re: Sigurd Bernhard Myhre - familie i Trondheim

Legg inn av Bent Annkjell Vatnehol » 4. oktober 2018 kl. 20.05

Saka løyst.
I forbindelse med ekteskap i metodistkirka i Bergen er innført dato for konfirmasjon, den stemmer med kyrkjeboka for domkyrkja i Trondheim.

Svar

Gå tilbake til «Trondheim»