Edvard Georg Dyblie (f. 1826), fra Trondheim til Stokke

Moderator: MOD_Vestfold

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Edvard Georg Dyblie (f. 1826), fra Trondheim til Stokke

Legg inn av dn07176 » 17. juli 2017 kl. 17.21

Eg er på jakt etter meir informasjon om den vidare lagnaden til Edvard Georg Dyblie, f. 1826 i Trondheim, som slo seg ned i Stokke.

I FT1865 kan han finnast i Melsomvik som losjerande ugift sjømann, 40 år.

Han vert gift 6. feb. året etter, med Severine Henrikka Eriksdotter Ask.

I FT1875 er dei på Sjuverød: Edvard Dybli, kona Søvrine Henrikke og ei dotter Marie, f. 1867.

Dottera Marie finn eg i FT1885 som Tjenestepige hjå kvalfangsreder Carsten Bruun i Tønsberg, i FT1900 of FT1910 hjå Bankkasserer Thiis i Kristiania.

Er det nokon som kjenner lagnaden til Edvard og Severine, og evt. til dottera Marie i Oslo?

Brukeravatar
Marit Lorvik Sørli
Innlegg: 8443
Registrert: 25. juni 2007 kl. 20.15

Re: Edvard Georg Dyblie (f. 1826), fra Trondheim til Stokke

Legg inn av Marit Lorvik Sørli » 17. juli 2017 kl. 18.51

Severine Henrikke Eriksdatter Dyblie død 17.september 1892 , bopæl Sjurrød.

nr 16 Stokke :
https://media.digitalarkivet.no/kb20060628080418

Edvard Georg Dyblie f. 1826 , død 10.august 1899. Bopæl : Venaas i Melsom .

nr 26 , Stokke :
https://media.digitalarkivet.no/kb20060628080431

I Kommunetellingen for 1923, Kristiania , finner vi Marie Dyblie f. 1867 som hushjelp hos familien Thiis , i Løvenskjoldsgate 14 .

Søk her :
http://www.disnorge.no/KraFt1923/Soke.php

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Edvard Georg Dyblie (f. 1826), fra Trondheim til Stokke

Legg inn av dn07176 » 17. juli 2017 kl. 21.42

Mange takk!

Interessant å sjå at Edvard har venda attende til sin gamle profesjon som bakar. Eg lurer fælt på korfor han endte opp som sjømann. Diverre ser det ut til å vere eit hol i rekkja av dødsfallprotokollar for Stokke mellom 1875 og 1915. Det hadde vore verkeleg interessant å sjå kva som stod der om evt. etterlatte. Eg har registrert i alt sju halvysken av Marie, der i alle fall fem var i live i 1899.

dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Re: Edvard Georg Dyblie (f. 1826), fra Trondheim til Stokke

Legg inn av dn07176 » 19. juli 2017 kl. 10.11

Marit skrev:I Kommunetellingen for 1923, Kristiania , finner vi Marie Dyblie f. 1867 som hushjelp hos familien Thiis , i Løvenskjoldsgate 14 .


Vidare, i Tønsberg i 1931 og 1936. Begge stader som hushjelp for "rentenist" Mathilde Thiis. Det ser ut til at Marie har vore i teneste hjå same familien i over 50 år. Eg går ut frå at Marie Bruun, født Foyn, som er husfrue i 1885 er ein slektning av Mathilde Nicoline Thiis, født Foyn, som ho følgjer i 1900-1936.

Og attende i Tønsberg finn vi jo òg Marie i Gravminner, gravlagt på Tønsberg gamle kyrkjegard i 1947.

Svar

Gå tilbake til «Stokke»