Olaf skrev:Det er litt underlig, for slår du opp i en bygdebok på Nordmøre, finner du stadig plasser med tillegget geilen/gielen, kanskje med litt forskjellig stavemåte. Kan dette være navn som bare er i lokal bruk? Jeg ser forøvrig nevnt at geil også har blitt brukt i betydningen veiskille, men jeg har ingen eksempler på det. Jeg søkte på geilen som tillegg på bosted i FT1801, og fant nesten ingen! Merkelig!
Nei dette er ikkje merkeleg! - og du rotar med orda på ein måte som ikkje er nyttig for ordskiftet.
For det første kan skriftforma "geilen", som Knut har påpeika ovanfor, kome av "hjell" - altså flate i terrenget. (Kall det ein skrivefeil, om du vil.)
For det andre må vi skilje mellom bustadnamn og andre stadnamn. Naturlegvis finst det vegar og stiar som heiter noko på -geil. Geil er nettopp ein veg. At gjerdet er fjerna eller rotna bort gjer ikkje at namnet forsvinn.
For det tredje manglar det informasjon om kva ei fleste namna du listar opp er namn på. (vegar?)
For det fjerde kan eit namn få ein sekundær bruk; t.d. ved at ein busstopp, ein barnehage, eit nes osv. få namn etter noko anna som det ligg attmed (her: ei geil).
For det femte er dei namna i lista som skal vere bruksnamn stort sett frå Romsdal/Nordmøre; jf. mitt innlegg ovanfor.
Det er også nokre Geilen-namn som kan ha namn etter andre former for "geil" (m.a. ei trang passasje i terrenget). Geilen i Verran kan vere eit døme på det.