Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5746
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 23. september 2016 kl. 22.47

Utgangspunktet er eit lesarinnlegg i Vikebladet, lokalavis for Ulstein (Sunnmøre) - kva var opphavet til Nikolai Ulfsten, fødd som Nikolai Nielsen 1854?

https://lokalhistoriewiki.no/index.php/Nikolai_Ulfsten
https://nbl.snl.no/Nikolai_Ulfsten

Det heiter i lokalhistoriewiki at "Navneendring fra Nielsen til Ulfsten ble foretatt i 1876, etter farsslektens hjembygd Ulstein på Sunnmøre. "
Eg har undersøkt litt - og det eg finn tyder på at han ikkje har noko tilknytning til Ulstein på Sunnmøre.

Før eg grev meir i kjeldene for å finne opphav både til far Niels og til den mogelege Ulstein-myten,
vil eg gjerne ha synspunkt og evt. stadfesting eller rettingar til det eg trur eg har funne.

Først FT1875 Bergen, Niels Nielsen f. 1806 Kinsarvik, enkjemann og handelsborgar
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 2295002245
med son Nikolai Martin f. 1854 Nykirken Bergen, Landskapsmålar
søster Herborg, f. 1803 Kinsarvik

FT1865 Niels Nielsen 60 år (f. 1806) f. Kinsarvik, enkjemann og handelsborgar
http://digitalarkivet.arkivverket.no/ft ... 8249002716
med son Nikolai Martin 12 år (f. 1854) f. Bergen

Nikolai Martin fødd/døypt 1854
SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. B 1, 1844-1858, s. 101
https://media.digitalarkivet.no/kb20070301670102
1854, nr.87 f. 29.sept, dp 20.okt Nicolai Martin, ægte, Handelsmand Niels Nielsen, Marthe M. f. Dahle (3-19a)

Niels og Marte vigde 1843
https://media.digitalarkivet.no/kb20070301620091
vigde1843, nr.16, 7.mai Ungk. Handelsmand Niels Nielsen og Pige Marthe Malene Sjursdtr Dahle | Kinservigs Prg, Bircestølen i Sande, Korsk. Sogn | 37 1/6 , 24 1/12 | Gaardmand Niels Nielsen | Musketeer Sjur Andersen Dahle | Andreas Dahle, Handelsmand Ole Fosse

mor Marte død 1859
SAB, Nykirken Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. E 2, 1850-1868, s. 148
https://media.digitalarkivet.no/kb20070301690056
døde kvinner 1859, nr.57 d.2.aug, Marthe Magdalene fød. Dahle, Kjøbmd. Nils Nilsens Kone, 41 (år; f. 1818)| opphald: 3-19 | Brystsyge

mor Marte fødd/døypt 1818
SAB, Korskirken Sokneprestembete, H/Haa/L0013: Ministerialbok nr. A 13, 1815-1822, s. 40
https://media.digitalarkivet.no/kb20070321630408
fødde 1818, kv. nr. 64, f.1. aug, dp 16.aug, Marthe Malene | Gevorben Musqveter Siur Andersen Dahle og Kone Karen Peders Dr Runei i Sandvigen 2R 52 | fadd: … Musqveterene Lars ..sen Helland og Christen Nilsen Qvalen,

morforeldre Sjur og Kari vigde 1816
SAB, Korskirken Sokneprestembete, H/Haa/L0013: Ministerialbok nr. A 13, 1815-1822, s. 189
https://media.digitalarkivet.no/kb20070321630485
vigde 1816 nr. 17 Siur Andersen Dahle 26 ½ aar gl Jægerer og Ungkarl paa Christinegaard i Sandvigen | Kari Pedersdr Lunder 29 ¼ aar gl Tjenestepige | Corporalenrne Fløen og Sæverejde | 4de Febr 1816 [fødde ca. aug 1789 og ca. des 1786 ]

så langt Bergen.
far Niels eller Nils er altså fødd i Kinsarvik prestegjeld - som frå frå 1869 heitte Ullensvang prestegjeld. http://arkivverket.no/arkivverket/Bruk- ... /Hordaland

Neste steg vert i Ullensvang (eg har gått nokre steg til - så ikkje tenk på å leite for meg der)
- her: https://slektsforum.slektogdata.no/view ... p?t=141579
- men altså først:
Er den Nikolai eg har funne her identisk med målaren Nikolai Nielsen, frå 1876 Nikolai Ulfsten?
Noko som talar for / imot?

Jon Sværen
Innlegg: 367
Registrert: 28. januar 2006 kl. 21.42
Sted: BERGEN

Re: Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Legg inn av Jon Sværen » 25. september 2016 kl. 22.32

Ivar !

Kan svaret væra så einkelt, som at ein kunstnar bør ha ei "fancy" etternavn ?

Iflg Wikipedia var det læraren Hans Gude til Nicolai som meinte at han burde skifta etternavn. Gude var læraren hans frå 1875-77 i Karlsruhe.

Noko kjelde i Wikipedia ser eg ikkje, så det er berre å søkja på Nicolai sitt nye etternavn.

Jon S.
Bergen

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5746
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 25. september 2016 kl. 23.23

Akkurat den delen er grei nok. Det var alt fleire meir og mindre kjende kunstnarar som heitte Nielsen. Om ein ville opp og fram, måtte ein heite noko anna.

Spøsmålet er
- kvifor "Ulfsten"?
- har det noko med Ulstein på Sunnmøre å gjere?
- og i tilfelle nei: kvar kom myten om Ulstein frå?

Men aller først: Er det rett Nikolai....?

Jon Sværen
Innlegg: 367
Registrert: 28. januar 2006 kl. 21.42
Sted: BERGEN

Re: Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Legg inn av Jon Sværen » 29. september 2016 kl. 14.26

Har du lese bokji "Nicolai Ulfsten" av Hild Sørby, utg i 1997 ?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5746
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 29. september 2016 kl. 21.07

ja...
«Gude mente det var så altfor mange malere som het Nielsen. Selv hadde han på denne tiden tre andre elever med samme etternavn: Amaldus, Johan og Carl. Han oppfordret derfor den nye eleven til å finne et mer særpreget navn, og i 1876 byttet Nicolai ut Nielsen med Ulfsten, etter prestegjeldet Ulvsten (Ulstein) på Sunnmøre som farens slekt stammet fra.» (s. 27)

I akkurat dette spørsmålet bygger ho på kjelder som er (minst) tredjehands.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5746
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 22. oktober 2016 kl. 10.09

Då har eg fått kopi av instillinga frå departementet til kongeleg resolusjon 20.4.1876,
der Nikolai Martin Nilsen får løyve til å ta familenamnet Ulfsten. (I innstillinga er han kalla Nilsen og faren er kalla Nils Nilsen; ikkje Niels Nielsen).

"Han har som Grund for sin Ansøgning anført, at der her i Landet foruden ham er 3 Landskabsmalere, der bærer Navnet Nilsen, og at han derfor af sine Foresatte er
tilraadet at søge sit Familienavn ombyttet med et andet."

Det står ikkje noko om kvar "Ulfsten" skulle kome frå.
At det skal ha noko med Ulstein på Sunnmøre kan vere ei myte som har vorte til gradvis seinare.


Eg har freista å leite etter far Nils mellom 1822 (konfirmert i Etne) og 1843 (gift i Bergen, som "Handelsmand")). Han er ikkje å finne i utflyttar-lista i Etne, og ikkje i innflyttarlistene i Bergen (Nykirken, Korskirken, Domkirken, St. Jørgen, Maria) - men desse må alle vere temmeleg ufullstendige.

Korleis finn ein spor etter ein innflytta bygdegut som har etablert seg som handelsmann i Bergen?
(det står ikkje "Borger" - men det trong han vel ikkje vere i 1830-åra)

Jon Sværen
Innlegg: 367
Registrert: 28. januar 2006 kl. 21.42
Sted: BERGEN

Re: Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Legg inn av Jon Sværen » 23. oktober 2016 kl. 17.46

Ang konfirmasjonen i 1822, Etne sokneprestene, mini A 6, 1815-31, s. 242, så finn eg kun 2 stk m navn Niels.
Nr 1, far er Einere ? Christian, med bustadHeggelund / Hegeland.
Nr 8, der far også heiter Niels, busett (står det Rabben ???)

Eller det er ein annan far til kunstmaleren du har funne som er konf i Etne i 1822 ?

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5746
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Nikolai Ulfsten, kunstmålar, f. 1854 Bergen

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 23. oktober 2016 kl. 22.23

Eg har rekna med at det er Nils Nilsson Rabben.

Sjå lenkja til Ullensvang-forumet nedst i den første postinga.
Der er det referert frå bygdebøkene m.a. at Nils og Jorond flytte til Etne, der dei i 1824 bygsla Rabben under Skjensvoll. Eg har ikkje eigentleg verifisert at Nils Rabben er rett Nils.
Det høyrer eigentleg til i Etne-forumet, men sidan du spør:

SAB, Etne Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 6, 1815-1831,
s. 242
https://media.digitalarkivet.no/kb20070503650041
konfirmerte 1822, gutar nr 8 Niels Rabben | Niels ibid | 16 | meget got | vacc. Svendsen 1818
s.238
https://media.digitalarkivet.no/kb20070503650037
konfirmerte 1818, jenter nr.38 Herborg Nielsd Fittie | Niels Fittie | 16 aar | M [aadelig] got | vacc. 31 May 1804 N Hertzberg
[dette er Herborg frå Tjoflot, sjå nedanfor; altså budde Nils og Jorond på Fitje i Etne i 1818.]

Vaksinasjonen av Herborg er ført her:
SAB, Ullensvang Sokneprestembete, H/Haa: Ministerialbok nr. A 17, 1803-1839, s. 2
https://media.digitalarkivet.no/kb20070103670190
Vaksinerte 1804, mai, nr. 26, Herbor Nielsd Tioflot, | alder: 4 | ekte: ja | attest: ja | «taget af Gundbiør Johansd Tioflot, vaccs. Af Faderen sjølv»

N. Hertzberg som har attestert denne svært tidlege vaksinasjonen var soknepresten i Kinsarvik sjølv https://no.wikipedia.org/wiki/Nils_Hertzberg_(prost)
(vaksine - og legg merke til at det er dette order som er brukt - vart oppfunne i 1796)

Svar

Gå tilbake til «Bergen»