Legg inn
av Ivar Ståle Ertesvåg » 16. oktober 2014 kl. 21.10
Kyrkjebøkene er den viktigaste kjelda.
For "nyare" tid (1900-talet) kan du finne dødsannonser.
Dødsmeldingar til sorenskrivaren (via lensmannen) er ei anna kjelde.
For eit lite mindretal er skifteprotokollar ei kjelde. Dei har ofte ei form for register.
Dersom nokon har gjort jobben med å skrive av kjeldene, kan du søkje.
Elles må du leite år for år.
Dersom det finst ei bygdebok for området, kan dødsåret (eller jamvel datoen) stå der.
For 1700-talet, og til dels 1800-talet, kan ein del dødsfall vere utelatne i kyrkjeboka.