Karl Petersen Svinø, f ca 1833, Marte Thorsdtr, f ca 1820

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Brukeravatar
dn04977
Innlegg: 1752
Registrert: 14. november 2004 kl. 18.33
Sted: SØVIK
Kontakt:

Karl Petersen Svinø, f ca 1833, Marte Thorsdtr, f ca 1820

Legg inn av dn04977 » 26. oktober 2013 kl. 3.51

I 1865 tellinga for Borgund finn vi desse folka:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... 4703#nedre

Eg er på jakt etter foreldra til desse, Karl er fødd i Borgund ca 1833 og Marte ca 1820 i Haram.

Eg er for øyeblikket om bord i ein båt midt ute i Atlanteren med "trege" linjer så eg er ikkje i stand til å bla i KB etter desse sjølv så eg håper at nokon har kjennskap til det eg spør om :-)

På førehand takk :-)

Mvh
Ingmar 8)
Sist redigert av dn04977 den 26. oktober 2013 kl. 11.30, redigert 1 gang totalt.
mvh Ingmar Seth

Slektsblogg: http://ingmarsblogg.blogspot.com/

Slektsdatabase: http://ingmarseth.net/

gj09903
Innlegg: 658
Registrert: 26. august 2009 kl. 19.51
Sted: SYKKYLVEN

Re: Karl Petersen Svinø, f ca 1833, Marte Thorsdtr, f ca 182

Legg inn av gj09903 » 26. oktober 2013 kl. 10.17

Carl Petersen frå Skjong og Marthe Olave Thoresdtr. frå Rønstad vart gifte 4.1.1857 i Haram (nr. 2):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Haram i Haram, Ministerialbok nr. 536A06 (1845-1865), Ekteviede 1857, side 184.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-188
Sonen Elias var døypt i Haram før foreldra var gift.

Marthe Olave Thoresdtr. var fødd 11.5.1820 (nr. 20):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Haram i Haram, Ministerialbok nr. 536A04 (1818-1847), Fødte og døpte 1819-1820, side 8.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-9
Eg ser du har namnet hennar i basen din.
Foreldra "Thore Olsen Morken" og "Tychone Olsdtr. Øwrelie" vart gift i 1816:
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Haram, Ministerialbok nr. 536A03 (1803-1836), Ekteviede 1816, side 18-19.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-11

Foreldra til Carl var drengen Peter Arentsen frå Fiskerstrand og enka Ivrine Nielsdtr. på Giskeødegård. Carl var fødd 26.2.1832 (nr. 24):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Borgund, Residerende kapellans bok nr. 528B01 (1828-1832), Fødte og døpte 1832, side 75.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-77
Peter og Ivrine fekk fleire born før dei vart gifte. Dei vart vigd i 1834 (nr. 22):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Borgund, Giske i Borgund, Klokkerbok nr. 528C06 (1827-1840), Ekteviede 1835, side 135.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-142
Etter at dei var gifte, fekk dei born på Alnes og på Skjong.

Carl var busett på Skjong då har vart konfirmert i 1846 (Nr. 15):
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Borgund, Giske i Borgund, Klokkerbok nr. 528C07 (1844-1854), Konfirmerte 1846, side 106.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-102

Brukeravatar
dn04977
Innlegg: 1752
Registrert: 14. november 2004 kl. 18.33
Sted: SØVIK
Kontakt:

Re: Karl Petersen Svinø, f ca 1833, Marte Thorsdtr, fca 1820

Legg inn av dn04977 » 26. oktober 2013 kl. 13.15

Takk for informasjonen Inge Asbjørn :D

At Marte kom frå Lepsøyna var ingen stor bombe, to av døttrene deira vart seinare gift der.

Då har eg å jobbe videre på.

Mvh
Ingmar 8)
mvh Ingmar Seth

Slektsblogg: http://ingmarsblogg.blogspot.com/

Slektsdatabase: http://ingmarseth.net/

Svar

Gå tilbake til «Ålesund»