Rekonstruert kyrkjebok, Skudesnes 1770-1842

Moderator: MOD_Rogaland

Svar
Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5744
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Rekonstruert kyrkjebok, Skudesnes 1770-1842

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 29. januar 2013 kl. 22.56

hei,

eg er på jakt etter meir detaljert kunnskap om den rekonstruerte "kyrkjeboka" for Skudesnes 1770-1842, eller "Optegnelse over udførte kirkelige forretninger i Skudesnæs Præstegjeld før Aar 1842"
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... dx_side=-4

Eg har "surfa" meg til nokre spreidde opplysningar om at det var ein brann i 1844. Protokollen (siste side) er datert i 1847.

Er det skrive noko om dette i bygdebøker eller andre lokalhistoriske bøker/skrifter?
Gjerne forf./tittel osv, og sidetal om du har.

Er det nokon som har undersøkt (evt. har eit inntrykk av) kor fullstending rekonstruksjonen er?
Er det kjent noko om det var presten som gjorde dette på eiga hand, eller om prost, evt. biskop, var inne med "ønskje" eller pålegg?
Og var det presten som samla inn opplysningane, eller sette han lærarar, medhjelparar, klokkar og evt. andre i arbeid?


Det finst ei parallell sak i Ytterøy, der ein prest hadde etterlate seg kyrkjeboka utan ei einaste innførsle i 1815-16. Etterfølgjaren, frå 1820, sette i verk ei storstilt innsamling av opplysningar frå folk i heile prestegjeldet (3 sokn); med støtte frå prost og biskop. Dette veit vi fordi både soknepresten og prosten har ført inn utførlege utgreiingar i den rekonstruerte delen av boka.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-184


Ei anna paralell sak - som er bakgrunnen for denne førespurnaden - er Ulstein, der prestegarden og kyrkjebøkene brann i desember 1832. Det vart samla inn opplysningar, men noko mindre detaljert enn i Skudesnes.

Brukeravatar
Otto Jørgensen
Innlegg: 2404
Registrert: 17. november 2004 kl. 22.50
Sted: OSLO
Kontakt:

Re: Rekonstruert kyrkjebok, Skudesnes 1770-1842

Legg inn av Otto Jørgensen » 29. januar 2013 kl. 23.39

Generelt er bygdebøkene for Karmøy inkl Skudesnes tilgjengelige på nettet
http://www.slektsforumkarmoy.no/b-bok/gardsliste.html
Bøkene er tilgjengelige på biblioteket, men jeg antar at Slektsforum Karmøy e-post til [email protected] kan sikkert bidra.

Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 5744
Registrert: 12. desember 2004 kl. 13.08
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Rekonstruert kyrkjebok, Skudesnes 1770-1842

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 30. januar 2013 kl. 8.02

takk for svar
Denne nett-bygdeboka er vel først og fremst eit personregister (eller har eg oversett noko?).

Eg ser at det kom ny prest i 1846(47?), som må ha laga den rekonstruerte boka. (Det er prosten som signerer dateringa av protokollen).
Men bortsett frå denne opplysninga, gjev ikkje personregisteret noko svar på det eg lurte på.

Svar

Gå tilbake til «Karmøy»