Bind 1/side 094-95 Eikrem - Nistua

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Bind 1/side 094-95 Eikrem - Nistua

Legg inn av Magnar Husby » 7. september 2012 kl. 23.56

Forfattaren skriv: "Ole Toreson Merk kjøpte Nistua på Eikrem.....Han var gift 1769 med Barbro Gundersdotter Eikrem. Ho var temmeleg sikkert søster til Bersvein Gunderson på Leikvollan.......Barbro og Ola hadde ein son: 1. Gunder f 28/9 1772. Han hadde ein son: Hans f 1794. Denne sonen Hans Gunderson vart utskriven til "postkarl" i Koksvika i staden for militærteneste. Han vart gift med Maren Jonsdotter Storset. Dei bygsla Haltbakkan i Kvisvika."
Barbro Gundersdotter Eikrem var ikkje søster til Bersvein Gunderson på Leikvollan. Barbro Gundersdotter var fødd ca 1730 på Buan i Rennebu og er oppført som Ole Toreson Merk si andre kone i Rennebuboka. Dei flytta tilbake til Rennebu etter opphaldet på Eikrem. Sjå diskusjon om familien her:
https://slektsforum.slektogdata.no/view ... +merk+buum

Sonen 1. Gunder f 28/9 1772 døydde 9 månader gamal i 1773, så han kunne ikkje vere far til nokon.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-333

Hans Gunderson som forfattaren omtalar, var sonen til Gunnar Amundson Melkild/Eidsvåg (truleg fødd ca 1748 i Vika i Sunndal, konfirmert som tenar på Fjøseid?) og kona Kari Olsdotter Lien (Jordalsgrenda)/Myrset (Nesset) (truleg og fødd i Vika i Sunndal.) Dei var først gardfolk i Lien (Sunndalsboka bind 5 side 68, og gardfolket før dei, Ole Hansen og Marit Olsdatter, var Kari sine foreldre. Dei kjøpte Myrset i Nesset, og to søner fekk seg gardar i Eidsvåg). Etter nokre få år i Lia flytta Gunnar og Kari etter resten av familien og fekk seg ein gardpart på garden Eidsvåg i Nesset. Familien og barna er oppførte i Nessetboka under garden Eidsvåg, men ikkje identifiserte. Og så flytta dei til Eikrem og kjøpte ein gardpart der. Men Gunnar Amundson døydde ikkje lenge etter dette gardkjøpet, og enkja kunne ikkje sitje med garden. Ho heldt til på Nålsund da det var skifte etter mannen på kontoret i Kristiansund i 1811. (Alle barna lever utanom Ole f 1783 i Lia og ein Hans f 1791 i Eidsvåg, som døydde som spebarn). Om sonen Hans Gunderson står det i skiftet at han var tenar i Koksvika:
Source information: Møre og Romsdal county, Nordmøre sorenskriveri, Skifteprotokoll 3A 24 , 1806-1813, oppb: Statsarkivet i Trondheim. Remarks: Nytt register. Permanent page-link: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24657/448/ Permanent image-link: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 660448.jpg

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll: Gards- og ættesoga for Straumsnes»