Brynhild Nilsdtr og Peter Nilsen

For etterlysn. som ikke kan plasseres på undernivå

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Brynhild Nilsdtr og Peter Nilsen

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 12. januar 2012 kl. 22.27

Eg ynskjer opplysningar om Brynhild Nilsdtr. f. på Oktsadås i Selbu 1815

Brynhild vart fyrste gongen gift 14.04.1845 i Klæbu med Roald Henriksen f. 1795 på Yttergulen i Klæbu. Dei sat som husmannfolk på Yttergulen. Kva tid Roald døydde er ikkje kjent og presten har skrive i jamføringslista - " Er borte, formodes at være død"

Dei fekk eit barn Ole Roaldsen f.25.07. 1846 i Klæbu

1858 flytter Brynhild Nilsdtr. til Strinda som enke og gifter seg for 2. gang 27.11.1863 i Strinda med enkemannen Peter Nilsen på Kvamstrøen i Strinda.
Ved FT-1865 finn vi dei på Kvamshaug i Bratsberg. http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =3779#ovre

I 1875 finn eg Brynhild som enke på Singsaker i Strinda, då buande ilag med sonen Ole Roaldsen, kona hans og sonen deira John Olsen.
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... =2719#ovre

Etter det kan eg ikkje finne nokon av dei.

Peter Nilsen er då død og den einaste kandidaten eg kan finne er Skolelærer Peder Nilssen Klefsaas, 63 år gamal på Nedre Ranum d.02.05.1871 begr. 07.05.1871
Nr 20: Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Lade i Strinda, Ministerialbok nr. 606A08 (1866-1877), Døde og begravede 1871, side 407.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... 50&uid=ny&
Kan han være Brynhild sin andre ektemann ?

Er det nokon som kjenner til familien som kan sette meg på spor av kvar det vart av dei etter 1875 ?

Harald Lorentz Bakke
Innlegg: 952
Registrert: 2. september 2006 kl. 13.56
Sted: DAVIK

Re: Brynhild Nilsdtr og Peter Nilsen

Legg inn av Harald Lorentz Bakke » 12. januar 2012 kl. 23.01

Kildeinformasjon: Sør-Trøndelag fylke, Lade i Strinda, Ministerialbok nr. 606A08 (1866-1877), Døde og begravede 1871, side 407.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-373

Sånn der kom den rette linken til Peder Nilsen på plass og!

Svar

Gå tilbake til «Strinda og Selbu-distriktet - ukjent kommune / hele regionen»