Langlien i Sør-Fron i FT 1801

Moderator: MOD_Oppland

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Langlien i Sør-Fron i FT 1801

Legg inn av dn27834 » 8. januar 2012 kl. 14.14

Nytt år og nye spørsmål!!

I FT 1801 er begrepet Langlien nemd på bustad/gardsbruk/stadnemning.
Kor var Langlien? Var det noko einskild bruk/husmannsplass eller samlenamn på ei grend/fleire bruk? Kor var det i høve til Søre Lia og Nordre Lia som er begrepa idag?
Eg har ei kjensle av at staden måtte vere på vestsida av Laugen, men klarer ikkje plassere den geografisk.
Eg har leita i bygdabøkene, men finn ikkje noko bruk eller eige kapittel om Langlia.
På førehand takk.

Beste helsing
Wenche

PS Eg fekk inn eit tips nå over mail, Langlia var eit samlebegrep for Søre og Nørdre Lia, jfr Einar Hovdhaugen Garder og Slekter i Fron, Sør-Fron side 306. Men i FT 1801 verkar det som det er ein gard også med bygningar, og kvar var staden da. DS

Ola Morken
Innlegg: 217
Registrert: 2. desember 2005 kl. 12.19
Sted: EYDEHAVN

Re: Langlien i Sør-Fron i FT 1801

Legg inn av Ola Morken » 8. januar 2012 kl. 15.00

Jeg mener at Langlien i FT 1801 er Isum med flere underbruk

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Langlien i Sør-Fron i FT 1801

Legg inn av dn27834 » 8. januar 2012 kl. 15.02

Tusen takk skal du ha, Ola.

Mvh
Wenche

Ola Morken
Innlegg: 217
Registrert: 2. desember 2005 kl. 12.19
Sted: EYDEHAVN

Re: Langlien i Sør-Fron i FT 1801

Legg inn av Ola Morken » 8. januar 2012 kl. 17.21

Området hørte ikke med til det frodigste i bygda. Opp i Lia , noe sør for Isum er det et sted som kalles Hungerlia, noe som ikke vitner om overflod. Rett ovenfor Ulberg finnes restene av et svært bratt og lite bruk som hette Reiret.

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Langlien i Sør-Fron i FT 1801

Legg inn av dn27834 » 8. januar 2012 kl. 19.06

Hei Ola

Eit barndomsminne:
Da veit eg kor Hungerlia er, for da eg var jentunge, sa mor mi at eg fekk ikkje kaste strømpene og gå berre i sokkar, før snøen var borte i Hungerli-lykkja!!
Og den såg vi frå heime i Stokkjordet på skrå over Laugen (søraust må vel det bli i høve til barndomsheimen min). Vi følgde nøye med snøen kvar dag på forsommaren.
Så takk igjen.

Mvh
Wenche

Svar

Gå tilbake til «Nord- og Sør-Fron»