Mortenssønane i 1701 (Svorkmo/Verket)

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
dn07176
Innlegg: 478
Registrert: 20. september 2005 kl. 20.19
Sted: TRONDHEIM

Mortenssønane i 1701 (Svorkmo/Verket)

Legg inn av dn07176 » 31. oktober 2011 kl. 19.04

I folketellinga for 1701 er det to Mortenssøner på smeltehytta på Svorkmo:

Røstvender Olle Morttensen, 48 år gamal, har sonen Ole på 20.
Hytteknekt Sifuer Morttensen, 42 år gamal, har sønane Anders (15), Mortten (13) og Olle (5). Seinare nemnt som Smelter Siur Mortensen

09.03.1710 finn vi Rustvender Oluf Mortensen Verket trulova med Maren Laursdtr. Svinsøyen med Siur Mortensen som forlovar.

Det ikkje urimeleg å tenkje seg at desse to er brør, men noko anna enn indisier har eg ikkje.

I tillegg i 1701 finn vi ein Laris Morttes: Grutsetter (50) som tenar på Voldmo i Meldal. Lars Mortensson?

Før dette finn vi i kyrkjeboka for Orkdal:
13. sept. 1696: Sifver Mortensen døyper sonen Oluf (som vel er fem år gamle Olle over)
4. okt. 1696: Siur Mortensen døyper sonen Joen
19. aug. 1703: Siur Mortensen døyper sonen Joen

Ut frå dei fyrste to, med tre vekers mellomrom, kan det sjå ut som det er to Sjur/Sivert Mortensson, medan vi i 1701 har berre ein.

Er det nokon som kjenner til desse folka og evt. kan tipse om meir info om det finst?

Svar

Gå tilbake til «Orkdal»