Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 8. juni 2011 kl. 16.21

Ho fekk i Ole i 1905 og Ole i 1907 og det siste barnet i 1810. (Roaldset har i Nessetboka III set namnet Marit på dette barnet. Men ho heiter Ane både ved dåpen og konfirmasjon. Men det er ikkje vesentleg her.) Når Marit Olsdotter døyr vert alderen oppgjeven slik at ein må rekne 1758 som fødselsår, og Roaldset meiner dette ikkje kan vere rett. Ho fekk i så fall siste barnet 52 år gamal. No har eg leita svært etter identiteten til Marit Olsdotter, som Roaldset heller ikkje har funne. Ved bruk av fadderlistene har eg no likevel funne ein muleg kandidat, nemleg ei Marit Olsdotter døypt Dom 21 a Trin 1758 i Tingvoll med foreldre Ole Brakstad og hustru Marit Knudsdotter. Men det lokale biblioteket mitt har ikkje Tingvollbøkene, og dei er svært vanskelege å få lånt. Er det nokon der ute som har Tinvollboka bind I og kan sjekke om denne familien finst nemnt under Brakstad? Kva står det i så fall om dei, om dei næraste anene og etterkomarar? (Dei hadde truleg minst 3 barn til, Peder som vart gardbrukar på Bersås, Kari som vart gardkone på Talset og kanskje ein Ole, som i Nessetboka er utlagt som bror til Marit Olsdotter og far til ein Ole Olson, konfirmert 18 år gamal i 1811, som fekk husmannsplassen Eidslykkja under Eide).

Kjell Farstad
Innlegg: 1908
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Kjell Farstad » 8. juni 2011 kl. 17.06

Hei, kan du legge ut lenke til Folketelling 1801 med Marit, eller er hun ikke funnet i 1801?

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 8. juni 2011 kl. 17.29

Ikke funnet.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 8. juni 2011 kl. 18.55

Giftarmålet til Marit Olsdotter og Jon Olson Melkild som kjøpte Eidegarden er registrert i tillegget om Jordalsgrenda i Ministerialboka til Sunndal 3.søndag etter Trin i 1803. Dette har eg regisrert for lenge sidan. Men der står ho med namnet Marit Olsd. Melkil, og forlovarane er Ingebrigt skolemester (Ingebrigt Hågenson Løken på Lillemelkild) og Jens Olson Melkil, gardbrukar på nabogarden til Jon Olson. Akkurat der kunne det ha vore eit spor, for stemora hans heitte Ragnhild Monsdotter Finset, og då halvsøstera til Jens vart fødd i 1781, var ein Audun Monson Bersås fadder. Dette er truleg den Audun Monson som var gift med ei Marit Olsdotter og hadde plass på Raudsand i Nesset. Men ho var gift med ettermannen på plassen, skriv Roaldset. Dessutan står det ikkje noko om i innførselen ved giftarmålet til mi Marit Olsdotter at ho var enke. Så alle desse "blindspora" har eg vore gjennom. Det bur ei Marit Olsdotter på Stormelkil i 1801, 30 år gamal, tenestejente. Kven ho var har eg heller ikkje funne ut av, men så døyr det ei Marit Olsdotter Melkil i 1803, 34 år gamal, og da var eg like langt.
Kanskje viktigare for dei som vil hjelpe: Faren til Peder Olson Brakstad/Bersås var Ole Audunson Kathamar har eg notert. Altså: Det kan vere at Ole Brakstad, som hadde dottera Marit i 1758, er identisk med denne. (Katkamar og Brakstad ligg i same området.)

Kjell Farstad
Innlegg: 1908
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Kjell Farstad » 8. juni 2011 kl. 20.51

Her er det mulig å få hjelp til oppslag i bind 1 Tingvoll, Hans Hyldbakk 1961:
http://www.disnorge.no/genress/oppslager.php?id=130432

10551
Innlegg: 31
Registrert: 13. desember 2004 kl. 0.01
Sted: OSLO

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av 10551 » 9. juni 2011 kl. 17.10

Hei,

Jeg har samlet en del materiale fra Tingvollbøkene (og lagt til en del informasjon selv - dog er ikke alle datoer kvalitetsikra). Fritt etter Hylbakk:


KATHAMAR

Erik Audenson var komen til gards i 1665. Han var f.1624 og g. 1661 med ei som heitte Anne, og borna deira:
1. Auden, f. 1662, (døpt 16.2.1662) død som barn.
2. Auden, f. 1668, (døpt 11.11.1668) gift 01.01.1700 med Ragnhild Bertelsdotter Brakstad døpt 29.5.1679.
3. Anders, f. 1671.
4. Dordi, f. 1674.
5. Brit, f. 1675, gift 28.12.1701 med Peder Beraugson Eidet.
6. Ola, f. 1677, (døpt 25.2.1677) gift 22.10.1713 med Ragnhild Arntsdotter Kvernhusvik.

Auden Erikson var brukar i 1701. Han og Ragnhild Bertelsdotter hadde fem born:
x. Anne døpt 28.11.1700 (ikke i bygdeboka)
1. Bertel, f. 1702, (døpt 16.7.1702) d.1744 g. m. Gurå Jakobsdotter Flemsæter.
2. Erik, f. 1708, (døpt 16.12.1708) gift 20.11.1729 med Anne Andersdotter Flemsæter. Dei byksla plassen Kobbskjeret under Skjølsvik.
3. Ane, f. 1711, (døpt 12.4.1711) død ung.
4. Maret, f. 1715, (døpt 13.1.1715) gift 1750 med Jon Toreson Røsdal.
5. Ane, f. 1717, gift 1744 med Mons Andersson Wenås.

Ragnhild Bertelsdotter døde 1719. Auden Erikson gifta seg 21.4.1720 med Kari Jakobsdotter Flemsæter, og dei hadde tri born:
x. Jacob døpt 1.9.1720 (ikke i bygdeboka)
1. Ragnhild, f. 1722, gift 1750 med Anders Sakariasson Bersås.
2. Jakob, f. 1724, gift 1748 med Gjertrud Eriksdotter Vågbø.
3. Ola, f. 1726, gift 1751 med Maret Knutsdotter Brakstad og budde der.

BRAKSTAD, UTATE
Knut Olson ( Hylbakk angir at han kommer fra Halset) var gift med ei Ingeborg Pedersdotter. Dei hadde ei dotter:
1. Maret, f. 1728, (døpt 16.10.1728) gift 1751 med Ola Audenson Kathamar.

Ola Audenson Kathamar fekk byksel av enkefru Nissen 12/11 1751. Born:
1. Peder, f. 1751, gift 1775 med Randi Larsdotter Åbak. Dei vart gardfolk på Bersås.
2. Kari, f. 1753, gift 1776 med Anders Hallvardson Talset.
3. Ingeborg, f. 1755.
4. Maret, f. 1758, truleg død som barn.

10551
Innlegg: 31
Registrert: 13. desember 2004 kl. 0.01
Sted: OSLO

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av 10551 » 10. juni 2011 kl. 15.49

Hei igjen,

Fra Tingvollboka tar jeg også med noe informasjon om forfedrene til Kari Jacobsdtr. Flemsæter.

NISTUA, FLEMSÆTER

Jakob Flembsæter var brukar i Nistua i 1645 og 1657. Av borna på garden veit vi om fire:
1. Knut, f. 1629. Han vart brukar i Oppistua.
2. Ola, f. 1635.
3. Maret, f. ca. 1640, gift 6.1.1675 med Erik Olson Fagerli.
4. Lars, død 1672.

Ola Jakobson d. 1696 byksla garden i 1659 og gav 6 rd. i byksel. Av borna hans er kjend:
1. Jakob, f. 1660 (døpt 25.11.1660), gift 28.6.1682 med Anne Jakobsdotter Bersås.
2. Kari, ??? døpt 2.2.1664 (mulig datter – ikke i bygdeboka)

Jakob Olson var brukar på garden i 1701. Han og Ane Jakobsdotter hadde ni born:
1. Anders, f. 1681, (døpt 17.4.1681) g. m. Anna Jakobsdotter.
2. Jakob, f. 1683, (døpt 12.8.1683)død ung.
3. Kari, (døpt 1.4.1666) gift 1720 med Auden Erikson Kathamar, enkemann.
4. Gurå, f. 1688, (døpt 8.7.1688) g.22.10.1730 m. Bertel Audenson Kathamar.
5. Maret, (døpt 22.3.1691) gift 1720 med Lars Jonson Knivskjenes.
6. Eli, døpt 16.9.1692 gift 2.11.1721 med Erik Olson Gagnat.
7. Anne, f. 1682 (døpt 28.6.1682) gift 10.11.1726 med Nils Knutson Haugen.
8. Sara, f.1?? gift 22.10.1730 med Bertel Andersson Haugen.
9. Jakob, f. 1689, gift 29.12.1709 med Ane Amundsdotter.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 11. juni 2011 kl. 12.01

Takk til Steinar for dei nyttige listene. Eg har drive og leita vidare, både i skifte og kyrkjebøker, men hittil er det ganske fruktlaust. Og eg har mista litt trua på at "mi" Marit Olsdotter på Eide har noko med familien på Brakstad med nærområde å gjere. Eg trur heller eg må begynne å leite grundigare på Melkild. Seljedal har ikkje arbeidd særleg grundig med Melkild (det finst ganske mange i kyrkjebøkene både i Sunndal og i Tingvoll med etternamnet Melkild som Seljedal ikkje har med, og han har iallfall fullstendig oversett ein kjent husmannsplass og ikkje hatt skikkeleg oversyn over somme av dei andre), og det har vore vanskar med å finne kjelder nok, ser det ut til. Trass i at Melkild var ein del av Tingvoll, er det tydeleg at dei ofte heller brukte kyrkja i Øksendal, også før dei vart overført til dette prestegjeldet i 1795. Dette har, ser det ut til, medført at ein del dokumentasjon har gått tapt (eller framleis berre finst i arkiva?). Dessutan vart det i ein periode på slutten av 1700-talet ikkje halde orden på kyrkjebokføringa i Øksendal, slik at ein del av dokumentasjonen derifrå, i den grad han finst, berre ligg føre i ein kladd påhengt Ministerialboka for Sunndal?
I fadderlista til første sonen til Marit Olsdotter på Eide, i 1905, førekjem til mi overrasking husmannen Nils Jonson Myrset. Den første kona hans, Anne Jonsdotter, har eg ikkje funne identiteten til enda. Men han hadde sjølv såpass tilknytning til Melkild at det kan forklare fadderoppdraget viss også Marit Olsdotter var knytta til visse slekter på Melkild. Og det at kyrkjeboka brukar etternamnet Melkild på henne når ho blir gift, tyder jo på det. Nils Jonson Myrset f 1755 på Bruset/Forset i Øksendalen hadde ein onkel som var gardbrukar på Melkild, Ole Jøstenson på Melkildhjellen. Dessutan hadde han ein bror med same namn, Nils Jonson f 1760 på Bruset/Forset som var husmann under Melkild i Husbakken mellom Melkild og Øksendal (ein av forfedrane mine). Eg trur med andre ord at Marit Olsdotter har familiband som knyter henne til slekt knytta til Melkildhjellen.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 9. juli 2011 kl. 18.14

Eg har ikkje lenger noko serleg tru på sterk tilknytning til Melkildhjellen når det gjeld opphavet til Marit Olsdotter, men trur tilknytning til Oppistua på Stormelkild kan vere meir aktuell. I den samanhengen kunne det vere interessant å få vite om det står noko om dette husmannsparet på garden Wulvig (Vulvik) i folketeljinga 1801 i Hyldbakk sine Tingvollbøker (Bind II er det vel som gjeld her):
Ole Olsen Mand 64 1.ste ægteskab hmd m jord
Kari Olsdtr Kone 53 1.ste ægteskab
Peder Nilsen Deres sønne-søn 9

10551
Innlegg: 31
Registrert: 13. desember 2004 kl. 0.01
Sted: OSLO

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av 10551 » 11. juli 2011 kl. 23.23

Hei,

Her er hva jeg finner ut fra Tingvollboka II:


SAGA - Vulvik
Husa på denne plassen stod tett utafor tunnelen på den nve riksvegen, og tuftene og leigmålet er no for største-parten gøymde under vegbanen. Namnet på plassen kom seg av at garden hadde sagbruket sitt her.

Enka Kari Sagen med sonen Peder var husmannsfolk her i 1769, men plassromet er truleg eldre enn frå denne tid. Som innerstfolk på Saga budde dette leitet enka Ane Arntsdotter, forutan Ingeborg og ei Maret Andersdatter, som døde ugift i 1772, 52 år gamal.

Ola Olson f.ca. 1640 byksla plassen kring 1772. Ola er visstnok den same Ola Olson Almvik, som i 6.1.1773 var gift med Kari Pedersdotter Ødegård. Men i manntalet av 1801 er ho kalla Kari Olsdotter. (Min kommentar: Kari er fra Haltbakken Tveekrem (Str. 1 s. 65) men da Knutsdtr?!). Ho var da 53 år gamal og Ola 65 år. Ola Olson og Karis barn:
1. Ola, f. 1771, død 1786.
2. Nils, f. 15.2.1773, (døpt 21.2.1773) gift som matros i 1802 med Helleborg Paulsdotter Giul.
3. Ingeborg, f. 1.3.1776. (døpt 3.3.1776)
4. Eli, f. 2.7.1779, ( døpt 4.7.1779) død 1800

Ola Olson døde 1810, og dødsalder er oppgjeven til 70 år.

10551
Innlegg: 31
Registrert: 13. desember 2004 kl. 0.01
Sted: OSLO

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av 10551 » 11. juli 2011 kl. 23.56

Obs - Ola Olson f.ca. 1740 (ikke 1640 som jeg skrev)

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 21. juli 2011 kl. 19.20

Takk igjen til Steinar Dyrli!
Men Vulvik fekk meg ikkje vidare. Eg har difor vendt tilbake til spor som kan vise at Marit Olsdotter Eide var knytt til Nestua på Melkild. Gardbrukaren der, Jens Olson, var trass alt forlovar da Marit gifta seg. Og når eg følgjer det sporet kjem eg igjen tilbake til namn som også var knytta til Kathammar (Sjå ovanfor).
Jens Olson hadde ei stemor som heitte Ragnhild Monsdotter Finset f ca 1740. I Sunndalsboka blir det antyda at ho kom frå Finset i Eikesdalen i Nesset. Men det har eg sjekka med Nesset-boka og det er ingenting der som tyder på det. Derimot er det ein gardbrukar på Finset på Meisalstranda i 1740-åra som heiter Mons Andersson. Kona hans heiter Ane Andersdotter. Og barna som er oppførte heiter Anders, Eli, Bertel og Audun. Eg har tenkt meg at Ragnhild Monsdotter kan vere ei dotter dei hadde før dei slo seg ned på Finset, men har hittil ikkje funne bevis. Men foreldernamna og namna på barna her høver jo svært godt med det Steinar hadde om eit par ovanfor: Ane Audunsdotter (Anders og Audun blir ofte rota med også i primærkjeldene) som vart gift med Mons Andersson Venås. I Nessetboka er Mons Andersson Finset oppgjeven fødd i 1718. Eg trur nok det vil vise seg at desse to para er identiske.

Ragnhild Monsdotter hadde to barn med Jens Olson sin far Ole Andersson Flå/Melkild, Ane og Ragnhild (her og høver jo namna svært godt). Når dei vart døypte, dukkar det opp fadrar knytta til Bersås m.m.
Ane:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-24
Fadrar: Anders Zakariasson Bersås, Ole Olson Melkild (truleg han fødd i 1747), enke Marit Evensdotter Bersås, Lars Halvarson Gravens kone Brit Larsdotter, piken Sara Monsdotter Hannem.
Ragnhild:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-41
Fadrar: Ole Jøstenson Melkild, drengen Audun Monson Bersaas, Anders Zakariassons kone Ragnhild Andersdatter, Nils Kristofferson Jordalsliens kone Sigrid Larsdatter, pigen Helga Olsdotter Melkild.

Det eg trur eg kan kome fram til: Ragnhild Monsdotter Finset hadde med seg Marit Olsdotter da ho gifta seg på Melkild. Ho kan vere ei dotter ho hadde frå før. Men ho kan og vere den Marit Olsdotter f 1758 som var dotter til Ola Audunson Kathamar. Og kanskje var det ein Ola Olson i familien og, som hadde ein son Ola Olson fødd ca 1794, men der foreldra døydde utpå 1800-talet, slik at Marit Olsdotter Eide tok han til seg før han vart konfirmert.

Audun Monsson i fadderlista kan vere den Audun Monsson som er nemnt i Nessetboka III side 346 under Raudsand. Han er fødd omlag 1763. Faren er oppgjeven som Mons Rødsand, og mora heiter Eli Larsdotter. Men det kan og vere Audun Monsson fødd 1760 på Finnset (Eller kan Nessetboka ha blanda desse personane/familiane?).

Eg vil begynne å leite etter skifte i Kathammarfamilien. I mellomtida håper eg nokon kan finne om det står noko om Sara Monsdotter i Tingvollboka bind III. I folketeljinga 1801 finn ein henne som husmannskone 48 år gamal på Bergsli, nabogarden til Hanem, gift med husmann med jord Bersvend Olsen, 50 år gl.: http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... rk=54#ovre

10551
Innlegg: 31
Registrert: 13. desember 2004 kl. 0.01
Sted: OSLO

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av 10551 » 21. juli 2011 kl. 23.04

Vi finner Sara på plassen Saga under Bergsli.

Det som er angitt i Tingvollboka er:

Bersvein Olson Brevik vart neste husmann på plassen. Han var f 1751 og gift 1782 med Sara Monsd. Gjøvikli. Dei var barnlause folk, men dei ol opp guten Anders Olson Bergsli, f. 1791. Foreldra hans var Ola Jakobson Nordvik og Randi Olsd. Stangvik.
Bersvein Olson døde 1821, og Sara gifta seg oppatt med Elling Olson Langset. Dei hadde heller ikkje born. Sara Monsdotter døde 1834. Ektefolka hadde da skrive gjensidig testamente.

Jeg kan ikke finne noen Sara eller Mons under gården Gjøvikli så hun var muligens tjenestejente her da hun giftet seg.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 21. juli 2011 kl. 23.35

Takk så mykje! Da er det berre å leite etter meir info i kyrkjebøkene og andre stader.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 21. juli 2011 kl. 23.58

Det var skifte etter Sara Monsdotter Bergsli:
Permanent sidelenke: http://arkivverket.no/URN:sk_read/24661/622/

Permanent bildelenke: http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 630622.jpg

Men det er vanskeleg å lese, og eg veit ikkje enda kor mykje info det kan gje. Men det kjem fram at ho var søstera til Ragnhild Monsdotter Finset på Melkild. Skiftet fortel kor det vart av og med døtrene til Ragnhild, men så mykje meir har eg ikkje fått ut av det enno. Men det står ein heil del der.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 22. juli 2011 kl. 1.16

Skiftet viser at Ragnhild og Sara Monsdøtre har vore barna i ein eigen familie med Mons til far, og at dei ikkje var i same familie som den på Raudsand. For ein av sønene der hadde arvingar i Neverlia på den tid Sara døydde. Derimot kan dei framleis ha vore døtre i familien på Finset, for Nessetboka nemner ikkje kvar det vart av dei andre ungane der, og eg har ikkje funne spor av dei i 1801 enda. Men det er unaturleg om så er tilfelle, for det er ikkje nemnt verken ei Ragnhild eller Sara der, og det er litt rart om dei 4 som er oppført alle skal ha døydd utan å etterlate seg livsarvingar som levde når Sara døydde. Umuleg er det likevel ikkje, men det er naturlegare å sjå etter ein annan familie. Sara er jo ikkje eit heilt vanleg namn i området, så kanskje det kan vise veg.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 23. juli 2011 kl. 11.06

Bersvend Olson Brevik og Sara Monsdotter fekk ei dotter Brit fødd 8.mai 1882. Lenkje til dåpen:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-44
Fadrane er: Niels Arntsen Giøviglien, Ole Olsen ibid., Erich Giøvigs kone Karen Hansdatter, pigerne Guru Evensdatter Meisingset, Bridt Olsdatter Brevigen.
Den siste er vel truleg søstera til Bersvend.
Men står det noko i Tingvollboka bind III som kan idendifisere dei andre fadrane og familiane deira?

10551
Innlegg: 31
Registrert: 13. desember 2004 kl. 0.01
Sted: OSLO

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av 10551 » 23. juli 2011 kl. 13.00

Jeg har dessverre ikke oversikt over generasjoner et stykke opp på 1800 tallet fra Tingvollbøkene.

Har sjekket litt i notatene i forhold til navnene Sara og Mons i Tingvoll. Finner at det under gården Haltvik fantes en Mons Jonson f, 1670 (døpt 27.3.1670) som ble gift 1699 med Sara Ivarsdtr Hafellen. Hvor disse ble av sier bygdeboka ikke noe om. Dette er jo ganske langt tilbake i tid, men kanskje noe å jobbe videre med.

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Knut Sæther » 26. juli 2011 kl. 11.32

I kyrkjeboka for Tingvoll er notert at Mons Andersson og Ane Audensdotter hadde ei uekte dotter Ragnhild til dåpen i 1742 (sjå høgre spalte på høgre side):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-60

I 1757 blir Mogens (Mons) Fredsvigs kvinne Ane Audensdotter introdusert, og i kyrkjeboka er det føydd til at dei hadde fått ei dotter Sara som var døypt i Øksendalen (sjå side 175, venstre spalte):

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-90

Og i kyrkjeboka for Sunndal prestegjeld finn vi same året dåpen til Sara registrert under Øksendal sokn som nr. 10:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-10

Her ser vi at faren er kalla Mons Wigen.

Desse dåpane fann eg elles fram til ved hjelp av FamilySearch.

Helsing Knut

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 26. juli 2011 kl. 23.02

Takk til Knut! Eg må visst lære meg å bruke Family Search. Det tek på tida å leite i kyrkjebøkene viss ein ikkje har noko å gå ut frå.

Til orientering vil eg ellers tilføye: Eg har ovanfor nemnt at dottera til Marit Olsdotter /Jon Olson Melkild/Eide f 1810 heitte Ane og ikkje Marit som det står i Nessetboka. Ho vart gift med Sivert Ørgerson og fekk ein stor barneflokk på Nedre Utbugge. I Nessetboka bind 5 er namnet skrive Anne. Lenkjene nedanfor til sjekk for dei som vil sjå:
Dåpen: Fødd 16. mars 1810. (Problem med skanna kyrkjebøker på DA gjorde at eg ikkje fekk tak i lenka)

Konfirmasjon:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-205

Giftarmål:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-27

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 27. juli 2011 kl. 23.28

Dåpen til Ane Jonsdotter Eide:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-126
(n0 var Skanna kyrkjebøker ok)

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Knut Sæther » 31. juli 2011 kl. 22.13

Ifølgje Nesset-boka døydde Marit Olsdotter i 1835, men eg finn ho ikkje død det året i kyrkjeboka. Derimot var det ei kårmannskone Marit Olsdotter på Eide som døydde i desember 1843, 77 år gammel:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-378

Dette må vel vere kona til Jon Olsson (?). Det betyr da at det oppgjevne dødsåret i Nesset-boka er feil, og at arbeidet med å finne avstamminga til Marit Olsdotter får eit nytt utgangspunkt, nemleg at ho var fødd ca. 1766. Kanskje ho var identisk med den Marit Olsdotter Stormelkild som vart konfirmert i Tingvoll i 1783? Sjå s. 107:

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-54

Knut

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Marit Olsdotter på Eide i Nesset død 1835

Legg inn av Magnar Husby » 31. juli 2011 kl. 22.40

Takkar Knut så mykje for dette gode arbeidet. Eg veit eg har vore innom ei Marit Olsdotter fødd 1766, men treng litt tid for å få det på plass.

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll»