Halvor Erikson Talset fødd 1709- kvar var han frå?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Halvor Erikson Talset fødd 1709- kvar var han frå?

Legg inn av Magnar Husby » 30. juni 2011 kl. 14.26

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-75

Denne lenka viser trulovinga hans med Olaug Olsdotter. (Eg finn ikkje data på giftarmålet).Da var han soldat og forsynt med eit etternamn som eg ikkje klarer å plassere. Det er og litt usikkert korleis ein skal tolke namnet. Eg har tolka det både som Gulla og Gielle, men leiting på desse gardsnamna har ikkje gjeve resultat. (Olaug Olsdotter er heller ikkje identifisert i Nessetboka bind 3 side 189, men ho var nok frå Oppistua på Stormelkild i tidlegare Øksendal kommune, Jordal krets (Da Tingvoll prestegjeld).

Brukeravatar
Osvald Rydjord
Innlegg: 2303
Registrert: 17. desember 2004 kl. 9.12
Sted: SANDEFJORD
Kontakt:

Re: Halvor Erikson Talset fødd 1709- kvar var han frå?

Legg inn av Osvald Rydjord » 1. juli 2011 kl. 8.34

Det er en gård i Nesset som i 1801 ble skrevet Gielden (i dag Hjellen), men jeg kan ikke via Nesset IX knytte ham til denne gården.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Halvor Erikson Talset fødd 1709- kvar var han frå?

Legg inn av Magnar Husby » 1. juli 2011 kl. 9.26

Takk for svaret! Det var altså ikkje noko spor under Hjellen i Nessetboka heller. Ein skriftekspert meiner det står Gullen. Det skulle føre oss til Gulla i Surnadal. Men eg kikka på Surnadalsbøkene til Hyldbakk, både gardssoga og husmannssoga, og eg såg ikkje noko spor der heller. Eg kikka på skiftet etter Halvor Erikson i 1783, og heller ikkje der fann eg noko spor som kunne fortelje noko om opphavet hans. Men eg kan jo ha oversett noko.
Eg har att å sjekke om eg kan finne noko gjennom fadrane til barna og eventuelt barne-barna.

Kjell Farstad
Innlegg: 1908
Registrert: 8. oktober 2012 kl. 11.24
Sted: SKÅLA

Re: Halvor Erikson Talset fødd 1709- kvar var han frå?

Legg inn av Kjell Farstad » 1. juli 2011 kl. 10.02

Prøver meg på en tyding av innføringen, det er sikkert noen som klarer bedre:
Tingvoll 1745 ???(etter 26 oct). Trolovet Soldat Halvor Erichs. Geilen med pige Olou ????- Spons. Ole Ellings. Mel??id - Peder Ekre??

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Halvor Erikson Talset fødd 1709- kvar var han frå?

Legg inn av Magnar Husby » 1. juli 2011 kl. 12.37

Eg er heilt einig i lesinga di. Og fordi eg kjenner dette området godt, er eg ikkje i tvil om at det står Melkild (prestane har skrive det Melkil, Melchiel og mange anndre variantar, men her står det faktisk slik det skrivast i dag: Melkild). Mi lesing er som følgjer: "trolovet soldat Halvor Erichs Geillen (trass i at ein på forumet tydingshjelp meiner det betyr Gullen, hallar eg til Geillen) med pigen Olau Olsd (om det står Olsd er temmeleg tvilsamt, men ho heiter det i Nessetboka, og eg meiner at det ganske sikkert dreier seg om Olaug Olsdotter Melkild f ca 1720 på Oppistua, Stormelkild) - Spons. Ole Ellings Melkild og Peder Ekren".
Eg veit kven dei to siste var. Ole Ellingson Melkild var frå Hanem i Tingvoll og fødd 1701 (døypt Dom 16 p Trin). Han gifta seg med enkja Marit Andersdotter frå Hjellbø i Øksendalen, gardkone på Melkildhjellen på Stormelkild. Peder Ekren var bror hennar. Dei har ikkje noko direkte tilknytning til Oppistua, og det kan vere eit spor. Kanskje ein av dei var i slekt med Halvor Erikson? Namnemessig kan det passe godt. For på Hjellbø kom det ein gardbrukar etter faren til Peder som heitte Erik Andersson. Det kan tenkjast at Halvor Erikson var sonen hans (frå eit tidlegare ekteskap?). I Sunndalsboka ymtar Seljedal frampå at han og var ein bror i søskenflokken her, men Knut Sæther nemner ikkje denne broren i si utgreiing om skiftet etter Peder Andersson Hjellbø/Jordal/Ekren i 1761: ((http://arkivverket.no/URN:sk_read/24646/92/)
Skiftet er litt vanskeleg tilgjengeleg skriftmessig, men heller ikkje eg såg nokon Erik der ved første titt). Før Erik Andersson var Nils Andersson brukar på Hjellbøen, og han var bror til Peder Andersson. Var Erik frå ein annan stad og gift med enkja etter Nils, kanskje? Geilen er jo eit vanleg plassnamn. Kanskje det fanst eit Geilen i Hanems-området som Erik Andersson kan ha kome frå? Dette er sjølvsagt berre mine spekulasjonar, og burde kanskje ikkje presenterast her. Men mi erfaring er at slike spekulasjonar også set tankane i gang hos andre, slik at dei kjem på ting som dei ellers ikkje ville ha tenkt på. Derfor tek eg det med.
.

Knut Sæther
Innlegg: 3058
Registrert: 23. januar 2007 kl. 11.36
Sted: Øksendal

Re: Halvor Erikson Talset fødd 1709- kvar var han frå?

Legg inn av Knut Sæther » 4. juli 2011 kl. 10.09

Her er lenkje til det interessante skiftet frå 1761 etter Peder Andersson Hjellbøen/Nerjordal:

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24646/92/

Skiftet fortel altså at Peder i tillegg til to søstrer hadde tre brør: Nils, Anders og Ole. Nokon fjerde bror Erik er ikkje nemnt.

I skiftet går det fram at den eldste broren Nils (Hjellbøen) var død (ifølgje Sunndalsboka døydde han ca. 1746), og det ser ut til at det var Anders Jeremiasson Engen (seinare brukar på Børset) som ivaretok interessene til to av barna til Nils ved dette arveoppgjeret. Det synest å stå i skiftet at denne Anders var stefaren til desse barna, men eg må ta atterhald om feil tyding her.

Anders Jeremiasson hadde i 1754 vorte gift med ei enkje, Marit Svendsdotter. Dette paret er omtala i Sunndalsboka bind 4 s. 326, utan at det der er nemnt at Marit hadde vore gift tidlegare. Men bygdebokforfattaren meiner at Marit kan ha vore dotter til Svend Olsson, som var brukar på Hjellbøen før Nils Andersson, og det er nok høgst sannsynleg. Så sant det er rett at Marit Svendsdotter hadde vore ektefellen til Nils, kan ho òg ha vore gift med Erik Andersson etterpå. Men bevis for dette ligg vel ikkje føre. (Erik Andersson var brukar på Hjellbøen i åra 1746–1750.)

Når det gjeld avstamminga til den Olaug som var gift med Halvor Eriksson Talset, er dokumentasjonen på at ho var frå Stormjølkill så vidt eg kan sjå å finne i dette skiftet etter Kristi Pedersdotter Melkild frå 1761:

http://arkivverket.no/URN:sk_read/24646/89/

Kristi Pedersdotter var gift med broren til Olaug, Ole Olsson Stormelkild, som var f. ca. 1707. Formyndar for eitt av barna til Kristi og Ole var ektemannen til farsøstera, som vi får vite var Halvor Eriksson Talset.

I Sunndalsboka bind 5 s. 31 har Olaug kome med i søskenflokken, men det står ikkje noko om kvar ho vart av. Same stad blir det elles antyda at det var Ole Olsson f. ca. 1670 (far til Ole ovanfor) som vart gift (på nytt) med Kristi Pedersdotter, men det viser seg altså ikkje å stemme.

Knut.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Halvor Erikson Talset fødd 1709- kvar var han frå?

Legg inn av Magnar Husby » 9. juli 2011 kl. 17.23

Takk til Knut for klargjeringa. Vi veit altså ikkje noko om Halvor Erikson enda, men etternamnet Giellen kan jo vere Hjellen i Øksendalen, nabogarden til Hjellbø. Hjellen var utskild frå Hjellbø, men ein veit ikkje akkurat når og korleis (Men det må ha skjedd kanskje opptil 100 år før Halvor Erikson si tid). Begge gardane ligg på same hjellen, og det er ikkje så sikkert når namna vart så faste som dei er i dag, heller. Andre indisium: På Hjellen og Hjellbø finst også mange av dei namna vi møter i Halvor Erikson sin familie, både Anders, Halvor og Erik og Sigrid. Så det kan vere grunn til å leite vidare med dette som utgangspunkt.

Svar

Gå tilbake til «Nesset»