Kari Gundersdotter på Straumsnes - kven var ho?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Kari Gundersdotter på Straumsnes - kven var ho?

Legg inn av Magnar Husby » 6. januar 2011 kl. 0.08

Her er lenkjer til dåpen til 3 barn som Kari fekk:
Johannes Arntson Kjervik (Kjerringvik):
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-13

Marith Arntsdotter Kjervik:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-28

Peder Olson Ulsets:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-16

I Straumsnesboka bind I side 166 er ho nemnt som mor til dei to første barna ovanfor: Kari Gundersdotter Eikrem.
Eg har prøvd å finne identiteten hennar gjennom fadrane og gardsnamna. Ikkje resultat. Ho finst ikkje i 1801 eller 1865. Eg finn henne ikkje konfirmert i Tingvoll prgj mellom 1806 og 1820. Er det nokon som veit?

Tore Kristiansen
Innlegg: 4284
Registrert: 18. november 2004 kl. 9.47
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Kari Gundersdotter på Straumsnes - kven var ho?

Legg inn av Tore Kristiansen » 6. januar 2011 kl. 9.37

En av fadrene het Hans Gundersen.
Og det var en Hans Gundersen Eikrem som ble gift i Tingvoll 6. november 1825. Nr. 17:
Tingvoll, Ministerialbok nr. 586A08 (1819-1829), Ekteviede 1825-1826, side 372-373
Kan det ha vært en bror av henne? Han var 30 år gammel ved vielsen.
:) Tore

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Kari Gundersdotter på Straumsnes - kven var ho?

Legg inn av Magnar Husby » 6. januar 2011 kl. 14.36

Det er eit muleg spor. Det var truleg denne Hans Gunderson som vart gardbrukar på Haltbak i Kvisvik (sjå folketeljinga 1865). I Straumsnesboka bindII side 449 står han presentert som Hans Gunderson Eikrem f 1794, og son til Gunder Olson Eikrem f 28.09.1772 på Nistua, Eikrem, Straumsnesboka bind I side 94. Kari Gundersdotter er i alder passande til å vere søster til Hans, men det står ingenting om at han hadde ei slik søster eller noko meir om familien til Gunder Olson. Far hans er presentert som Ola Toreson Merk (? Meek?) og mora som Barbro Gundersdotter Eikrem, og Gunder er einaste barnet. Men det er altså i tillegg nemnt at Gunder hadde sonen Hans, som i staden for militærteneste var utkommandert som postkar i Koksvika, og at han vart av med Haltbakken seinare. Men i 1801 finn eg ikkje spor av Gunder Olson eller Hans Gunderson. Så det kan godt vere at heile familien har falle ut av 1801-teljinga. Kanskje dei var på Liabø? For ei Marit Gundersdotter Liabø, er fadder når første sonen til Kari vert døypt i 1822. Ved å studere kyrkjebøkene kan ein vel kanskje treffe på noko.
Men eg har i mellomtida funne at søstera til Johannes Arntson Kjervik, Marit, truleg var gift med ein Kristen Kristensen og i 1865 busett på Raneims-bækken på Raneim. Men det ligg vel på Bergsøya, og det bandet av Gjemnesboka er vel ikkje kome ut enda. Men kanskje Leivdal har funne ut noko om familien.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Kari Gundersdotter på Straumsnes - kven var ho?

Legg inn av Magnar Husby » 6. januar 2011 kl. 17.54

http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... =3207#ovre

Denne lenkja viser Ole Thoreson og Barbro Gundersdotter på Buum i Rennebu. Det ser ut til at foreldra til Gunder Olson på Eikrem reiste tilbake til Rennebu. Garden Buum ligg like ved garden Merk. (Eg såg visst ikkje skikkeleg på teksten til Roaldset då eg skreiv førre innlegg)

Tore Kristiansen
Innlegg: 4284
Registrert: 18. november 2004 kl. 9.47
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Kari Gundersdotter på Straumsnes - kven var ho?

Legg inn av Tore Kristiansen » 6. januar 2011 kl. 23.37

Bergsøya kom ut i 2009, men Ranem ligger på fastlandet og er omtalt i bind 1. Første garden.
:) Tore

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Kari Gundersdotter på Straumsnes - kven var ho?

Legg inn av Magnar Husby » 7. januar 2011 kl. 0.09

Takk for hjelpa. Eg tenkte det kanskje var noko som heitte Ranem på Bergsøya, for eg har tidlegare leita etter Litj-Ranem utan å finne det. Men no skjønar eg at det og må ha vore på Ranem på fastlandet. Når det gjeld temaet her, var dette diverre ikkje til hjelp, for folka vi gjerne fann noko om, er ikkje nemnt under Ranheimsbekken.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Kari Gundersdotter på Straumsnes - kven var ho?

Legg inn av Magnar Husby » 11. januar 2011 kl. 1.21

Det finst faktisk eit bruk Litj-Ranem. Det er eit av bruka under Kvalvåg, og er med i Tingvollboka bind I av Hyldbakk.

Når det gjeld opphavet til Hans Gunderson, er det ikkje lenger så sikkert dette med at han var son til Gunder Olson på Nistua på Eikrem. For Gunder Olson fødd hausten 1772 døydde 9 månader gamal i 1773. Og Barbro Gundersdotter var nok ikkje søster til Bersvein Gunderson på Leikvollan. (Sjå temaet "Familien på Buum ved Merk i 1801" i Rennebu).

Kven denne Hans Gunderson i Koksvika, gift med Maren Jonsdotter Storset, og brukarar på Haltbakkan i Kvisvika, eigentleg var, er altså på det uvisse.

Og eg trur denne Hans Gunderson, fadder til Kari Gundersdotter sitt andre barn, var ein annan person. For han er titulert dreng, på eit tidspunkt då den andre Hans forlengst var brukar i Kvisvika.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Kari Gundersdotter på Straumsnes - kven var ho?

Legg inn av Magnar Husby » 11. januar 2011 kl. 1.30

Det siste er no feil, av meg. For det barnet Hans var fadder til, var fødd 19.03.1824. Og Hans kom til Kvisvika i 1825/1826. Og det gjer det tvertimot sannsynleg at det er same Hans.

Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Re: Kari Gundersdotter på Straumsnes - kven var ho?

Legg inn av Magnar Husby » 11. januar 2011 kl. 21.07

http://www.arkivverket.no/URN:sk_read/24657/448
Her er eit skifte frå Nordmøre sorenskriveri, Gagnat Tinglag (Tingvoll), som viser oppgjeret etter Gunder Amundson Eidsvåg. I 1801 heldt denne familien til på garden Eidsvåg i Nesset, og i 1811 under skiftet er dei på Eikrem i Tingvoll. (Ikkje side 332b som det står i registeret, men side 432a og b Følgjande barn blir rekna opp: Amund, Erik, Jon, Hans, Marit og Kari. Og Erik Gunderson, Kari (Karen) Gundersdotter, Marit Gundersdotter er alle fadrar når Hans Gunderson sine barn blir fødde på Haltbakkan i Kvisvika. Så dette er nok familien til Hans Gunderson Eikrem. Og Kari Gundersdotter Eikrem er søstera hans.
Skiftet er ikkje lett å lese, så eg kan gjerne tenkje meg litt tydingshjelp for å plassere barna litt betre. Ellers kan ein merke seg at lensmannen i skiftet, Erik Pedersen (Vaselen på Straumsnes), og kona hans, også var fadrar når Hans si dotter Ragnhild vart døypt.

Svar

Gå tilbake til «Tingvoll»