Oppbrende kyrkjebøker kva da før 1799?

Moderator: MOD_Oppland

Svar
dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Oppbrende kyrkjebøker kva da før 1799?

Legg inn av dn27834 » 28. september 2010 kl. 17.58

I samband med gransking av slekta mi i heimbygda Sør-Fron, har eg fått kopi av ei husmanns-
kontrakt underteikna på Stokke 24.11.1789 av husmann Johanes Engebretsen (m.p.p.)
Eg har følgd ætta bakover til Engebret Johannesen Helgestuen (som er eitt av dei namna som er nytta på det Breivegs-bruket eg er ifrå, eg er faktisk født der). Men å kunne kontrollslå opp i kyrkjebøker for å finne om Johanes Engebretsen er far til Engebret Johannesen f 1774, død 1856 på Rolvsbakken hos son sin Ole Engebretsen Korstadbakken f 1810.
Neste generasjon var oldefar min Ole Olsen Brandrudeie, 1838-1923. Heimebruket til far min var nemd med følgjande: Brandrudeie, Helgestugu, Jordmorstugu og Breivegen Nørdre opp gjennom tidene.
Er det nokon som kan fortelje meg om eg nokon stad kan finne dokumentasjon for at Johanes Engebretsen, underskrivaren på kontrakta, er <tipp tipp tipp oldefar min>? Det er så ergeleg å vera så nær, og bli hindra av ei brann!!

På førehand takk for all rettleiing bakover i tid.

Beste helsing
Wenche

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Oppbrende kyrkjebøker kva da før 1799?

Legg inn av dn27834 » 6. oktober 2010 kl. 16.39

Takk til Ola for forsøket, sjøv om det ikkje vart noko stadfesting.
Beste helsing
Wenche

dn27834
Innlegg: 1658
Registrert: 24. november 2011 kl. 21.45
Sted: ØVRE SURNADAL

Re: Oppbrende kyrkjebøker kva da før 1799?

Legg inn av dn27834 » 1. januar 2011 kl. 17.14

Eg vil berre fortelje at eg har fått stadfestea at Johanes Engebretsen, han med husmannskontrakta i 1789, verkeleg er tipp tipp tipp oldefar min. Og av og til skal ein ha litt flaks. Eg hadde bestilt CD'n med kyrkjebøkene i Fron utgjeve av Fron Historielag og reiste innom kasseraren deira i Kvam for å hente den. Vi kom i snakk og eg kom inn på den manglande dokumentasjonen for ovannemde eventuelle forfar. Men da seier Kjell Brustuen at han hadde innlagt diverse skifter på PC'n sin, og han skulle sjå om det sto noko frå Breivegen eller Bredeveien. Kort tid etter fekk eg på mail skiftet frå 17.06.1799 der
Johanes viste seg å ha vore gift 2 gonger, min tipp tipp oldefar var frå "kull 1", og alle ungane var ført opp. Mange nye nyttige opplysningar berre på grunn av ein liten replikk.
Så tusen takk, det er godt med folk som vil dele det dei har med andre. Od eg kom eitt hakk lengere bakover i tid trass i oppbrente kyrkjebøker.

Beste helsing
Wenche

Svar

Gå tilbake til «Nord- og Sør-Fron»