Sivert Jacobson f ca 1774

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Sivert Jacobson f ca 1774

Legg inn av Magnar Husby » 14. juni 2009 kl. 11.45

Sivert Jacobson bygsla husmannsplassen Furuhaugen under Valset på Ålvundeid den 20.02.1814. Han vart gift med Mette Estensdotter Øksendalsøren (fødd på Røhjell i Sunndal 1768). Med henne hadde han sonen Jacob alt i 1801, og da er han oppført som Siver Jacobsen Børset. I folketeljinga 1801 er han ført som tenar og soldat, 26 år gamal, hos gardbrukaren Ole Larsson på Virum på Ålvundeid. I Sunndalsboka står det da også at han var fødd ca 1774. Men kvar var han fødd, og kven var foreldra hans?
Han og Mette hadde og sonen Esten fødd 1815 (nr 21 i ministerialboka for Sunndal under Øksendal), og Mette hadde før 1801 også ein son Ole.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal»