I FT1875 bor familien på Harstad. Der har de to døtre; Karen f. 1869 og Beret f. 1872. Erik Rasmussen var tømmermann og husmann med jord og hadde kun 3 får.
I Gards- og ættesoge for Gjemnes bind 5 (2004) står det om dem på side 254:
"
Husmannen Erik Rasmusson
Denne plassen var utbygsla frå bnr. 3 og må ha vore ein av dei minste plassane i bygda. I 1875 var krøtterhaldet berre 3 sauer. Utsæden var 3/8 tønne havre og 1/2 tønne potet. Plassmannen her levde heller ikkje av jordbruk, men han var snikkar og tømmermann. Plassen låg attmed grensa til Astad og stua stod nedanfor Bakkan, litt lenger ned enn der smia til Smed-Andersen stod. Etter utskiftinga vart stua flytta til Gaupset i 1886.
Erik Rasmussen f. 1843 på Astad. d. som husmann på Gaupset 1892. I 1860-åra budde han som inderst og snikkar på husmannsplassen Myrteigen på Astad. Gift 1. g. 1868 med Helga Knutsdotter Grønset f. 1835 i Kvernes ca. 1835. d. 1882. Foreldra til Erik var dreng Rasmus Olaus Erikson og pike Ingeborg Arntsdotter Astad. Foreldra til Helga var bondefolk på Grønset, Knut Gunderson og Beret Knutsdotter.
Rasmus Olaus Erikson vart brukar på Digerneset, Rød.
Erik og Helga sine barn:
1. Beret Johanna f. 1866. d. 1871
2. Karen f. 1869
3. Beret f. 1872. Ho kom i teneste på Strand, Averøya og folketeljinga i 1900 for Kværnes skildrar livssituasjone hennar slik: "Ugift, fattigunderstøttet og tjenestegjør ved siden i huset." Ho hadde sonen Ragnvald Helmersen f. 2.1.1899.
Erik Rasmusson gift 2. g. 1883 med Sigrid Anna Johannesdotter Silset f. ca. 1855 i Bolsøy. Sjå bind 3. s. 243. Det fortelst at Sigrid Anna busette seg som enkje i Vikan, Bud, men ho er ikkje oppført under folketeljinga der i 1900.
Barn:
1. Johan f. 1884
2. Kristian Edvard f. 1886. Kanskje der er han som er pleieson på Rullarvollteigen, Astad i 1900? Sjå Folketeljinga 1900, s.71."
---------------------------------------
Bygdebokforfatteren har tydeligvis ikke fått med seg dattera Elen Marie. Det kan jo ha vært flere barn i familien, men det kan du jo sjekke i kirkeboka selv.
Men som du ser, døde begge foreldrene til Elen Marie før 1900.