Legg inn
av 15492 » 6. november 2008 kl. 17.55
Hallo
Her er ei side eg har skanna frå Gards og Ættesoge for Luster band 4 side 370.
Drevdal søndre som Guri kjem frå er og i same boka. ellers er det kommen ut 7 band av Gards og Ættesoga
Lykke til videre
Astrid
ØVREBØ
Christen Johnson Øvrebø, frå Haugen, Drevdal søndre, vart døypt 25.4.1756 og gifte seg 26.6.1786 med Guri Andersdotter, dotter av den føregåande brukaren og herifrå garden Ho vart døypt 25.3.1765. Christen fekk 5.6.1787 skøyte på Ekrene hjå svigerfaren, men alt 10.6.1786 hadde han kjøpt ein mindre del av garden, 2 og ¾ mæler korn, hjå Peder Nilsson Skildum, erving etter dotteri Kirstina, og 15.1.1788 kjøpte Christen dessutan 1 pund smør hja Chritopher Erikson frå Skagen, då busett på Bjørk. Såleis vart Christen eigar og brukar av til saman: 1 pund og 20 '/2 merker smør og 2 34 mæler korn i øvrebø. Denne luten dreiv han og Guri TIL DEI. dei 23.1.1792 selde alt til Ole Christopherson på Øvrebø (bnr. 1).
Christen og Guri flytte i 1792 til Fedje i Feios, Leikanger, men for alt i 1794 vidare til Arnehus ved Nærøyfjorden i Aurland. Dei dreiv gjestgiveri pi Arnehus og vart buande der i om lag fire år.
Kring 1799 flytte Christen Johnson og kona Guri attende til Luster; dei fekk då først eit bruk på Svangstu, men flytte i 1808 attende til Ekrene i samband med at sonen Anders fekk odel skøyte på parsellen hjå Johannes Øvrebø. Dei styrte så garden nokre år i lag med sonen og vart sidan kårfolk her. Guri d. på Øvrebø 5.6.1821, medan Christen Johnson d. som kårmanm same staden 30.3.1833. Dei fekk i alt elleve bom:
Unni Christensdotter (1787-1848), vart gift med husmann Hans Andersson i Fossen under Nygard( 1801-1859).
Anders Christenson (1788-1875), fekk som nemnt ta over som gardbrukar her på Ekrene Øvrebø etter foreldri.
Anna Christensdotter (1790-1837), vart første kona til husmann Lars Østenson i Langeteigen under Heltne i Dale (1792-1870).
Kari Christensdotter (1793-1816), d. ugift pd Øvrebø.
John Christenson (1796-1885), var ei tid husmann i Dalen under Åsen (s.d.).
Agatha Christensdotter (1798-1802).
Ingrid Christensdotter, døypt 19.1.1800, d. på Øvrebø 1.3.1831. Ingrid var ugift og
budde truleg all sin dag heime hjå foreldri. Ho fekk ein son:
a. Anders Janson, f. 26.9.1826, son av Ingrid og husmann Jan Jacobson i Røysi Hengesteg (1803-1843), voks visstnok opp hjå morbroren John og kona hans i under Åsen.
Men i 1854 utvandra Andrew Johnson til Amerika. Han busette seg visstnok i Dane Co.. Wis. men det har ikkje vore mogeleg å skaffa fram sikre opplysningar om lagnaden hans.
Guri Christensdotter (1801-1856), vart gift med husmann Anders Christenson i Johaugen under Søvde i Dale (1793-1873).
Agatha Christensdotter (1804-1804).
Johannes Christenson (1805-1892), hamna som husmann i Kleivi under Kjørlaug i Hafslo
(s.d.).
Christen Christenson, døypt 27.9.1807,
Christen Christenson flytte til Nordland i ung alder og gifte seg i Rødøy 12.10.1845 med Maren Margrethe Abrahamsdotter frå Haugvik i Rødøy. Ho var dotter av innerst Abraham Petterson og Helene Tode Jensdotter på Haugvik og vart døypt i Rødøy 18.6.1815. Christen og Maren var i mange år gardbrukarar på Breivik i Rødøy, men vart sidan husmannsfolk pi ein plass under Kila i Rødøy, der Christen d. 7.8.1891. Maren d. same staden 8.5.1897. Dei fekk visstnok to SØNER lag:
a. Hans Cornelius Olai Christenson, f. i Rødøy 31.3.1850, var i 1900 busett som legdelem
Breivik i Rødøy, men er elles ukjend.
b. Petter Mathias Hagerup Christenson, f. i Rødøy 30.10.1853, levde i 1865, men er ellers ukjend.
370