Anders Olsson og kona Ingeborg på Bjørntvet 1900

Moderator: MOD_Telemark

Svar
Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Anders Olsson og kona Ingeborg på Bjørntvet 1900

Legg inn av dn03738 » 18. juni 2008 kl. 16.52

Kjenner nokon til denne familien:

http://www.digitalarkivet.no/cgi-win/We ... 1861#nedre

Anders sitt fulle namn var Anders Matias Olsson, og han var fødd i 1857 i Eikevika i Kinn, no Flora.

Anders flytta til Stavanger i 1874, reiste til sjøs og rømde i Sundsvall i Sverige i 1877. Så dukkar han opp att i sjømannsrullene for Brevik i 1890, og då reiser han til sjøs frå Skien, Porsgrunn, Horten, Arendal, Brevik m.m. fram til 1894, då han mønstrar av i Skien. I sjømannsrullene i kolonnen Thinglag/Opholdssted står det Eidanger R.nr. 45 Birkedalen.

Ved folketeljinga i 1900 budde han altså på Bjørntvet i Eidanger med kone og ein son.

Eg skulle gjerne finne ut meir om denne familien.

-- Kor var Anders mellom 1877 og 1890?

-- ekteskap? (kan ikkje finne dei i Østre Bærum (der sonen var fødd, Lysaker) eller i Eidanger eller i Sauherad (Saude, der Ingeborg kom frå)

-- dåpen til sonen (kan ikkje finne han i Østre Bærum, Eidanger eller Sauherad)

-- identiteten til Ingeborg (det vart døypt fleire Ingeborg-er i Sauherad i 1861 og åra før og etter)

-- den vidare lagnaden til familien (Eg finn ikkje sonen konfirmert i Eidanger, Skien eller Porsgrunn.)

(Spørsmålet ligg òg i Digitalarkivet, http://da2.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe ... ak=n#anker )

Brukeravatar
dn03738
Innlegg: 2603
Registrert: 14. juni 2008 kl. 11.27
Sted: OS

Re: Anders Olsson og kona Ingeborg på Bjørntvet 1900

Legg inn av dn03738 » 23. juni 2008 kl. 20.05

Eg er framleis interessert i å vite korleis det gjekk med Anders, Ingeborg og Henry.

Men bakgrunnen har eg kartlagt så langt eg trur det lèt seg gjere:

Anders vart først gift med Sara Isaksdotter frå Sandøy i Eidanger i 1886. Han var då husmann på Lanner i Eidanger, ho budde på Langanger i Eidanger.

Sara døydde av tæring i 1895. Anders er då kalla arbeidsmann, og dei budde på Bjørntvet i Eidanger.

Anders gifta seg igjen i Østre Porsgrunn i 1898 med Ingeborg Johannesdotter frå Haugen i Saude (Sauherad). Han er då kalla sjømann, og Porsgrunn er oppgjeve som bustad.

Dei fekk sonen Henry Johannes i 1898. Trass i FT1900 si opplysning om at han var fødd på Lysaker i Akershus, vart han døypt i Østre Porsgrunn. Faren er kalla sjømann.

Ved folketeljinga i 1900 budde dei på Bjørntvet.

Henry Johannes vart konfirmert i Østre Porsgrunn i 1913.

Svar

Gå tilbake til «Porsgrunn»