Gjøri Olsdtr Opshaug (1736-1819)

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
Brukeravatar
Asbjørn Grebstad Hovland
Innlegg: 108
Registrert: 26. desember 2007 kl. 13.34
Sted: SYKKYLVEN

Gjøri Olsdtr Opshaug (1736-1819)

Legg inn av Asbjørn Grebstad Hovland » 17. februar 2008 kl. 13.47

Er det nokon som kan hjelpe meg med kven som var foreldra til Gjøri, eller stoppar det opp her.
Gjøri Olsdtr Opshaug (1736-1819)
gift med:
Lars Nilsson Ørjaseter (1745-1798)
1758 kjøpte dei garden Ørjasæter (Geiranger) av Ulrich.
Gjøri er også i fylje Sunnylven og Geiranger 2 nemd i eit skifte etter sonen Ole som døyde i 1796
Dei hadde sonen Nils (34 år i 1801)
Dei andre borna: Ole, Syver, Magnus og Gjøri kjenner eg ikkje fødselåret til
Eg har heller ikkje funne svaret på dette i Stranda Bygdebok 3 bind A (frå 1996)

gj04644
Innlegg: 32
Registrert: 7. mars 2007 kl. 20.11
Sted: PARADIS

Re: Gjøri Olsdtr Opshaug (1736-1819)

Legg inn av gj04644 » 17. februar 2008 kl. 21.19

Gjøri er nemnd i eit skifte på Øvrebust i Stordalen i 1803. Den avdøde var broren Knud Olsen Øvrebust. Arvingane var:
bror Knud Olsen Opshaug (død, 4 barn);
bror Nils Olsen Ringstad (død, 6 barn);
bror Sæbjørn Olsen Kjølås (død, 2 barn);
syster Siri Olsdatter (død – var gift med Magnus Hansen Knivsflå, 6 barn);
syster Maren Olsdatter (død – var gift med Peder Jonsen Gjerde, 5 barn);
syster Marte Olsdatter (død – var gift med Ole Amundsen Gjørvad, 4 barn);
syster Guri Olsdatter (enkje etter Lars Nilsen Ørjasæter).

Eg har ikkje bygdeboka for Stranda for handa akkurat no, men eg har notert gardsnamnet Berge i tillegg til Opshaug. Så det er truleg der du vil finne denne familien.

Har notert meg følgjande barn til Lars Nilsen og Guri Olsdatter Ørjasæter:
Niels f. 1756 d. 1756
Nils f. 1757
Gyri død 1759 22 veker gml.
Guro f. 1760
Gyri f. 1763
Niels f. 1767
Guro f. 1770
Sjur f. 1772
Magnus f. 1774 d. 1797

Lars Nilsen Ørjasæter har oppgitt alder 19 år i skiftet etter faren i 1754. Det skulle bety at han er fødd ca 1735 og ikkje 1745.

Brukeravatar
Asbjørn Grebstad Hovland
Innlegg: 108
Registrert: 26. desember 2007 kl. 13.34
Sted: SYKKYLVEN

Re: Gjøri Olsdtr Opshaug (1736-1819)

Legg inn av Asbjørn Grebstad Hovland » 18. februar 2008 kl. 0.06

Takk for svar, og truleg løysing.
Eg finn foreldra til Knut (og Gjøri ?) i bygdeboka for Stranda både under Berge bnr1 og
Opshaug bnr1.
Dei heiter
Ole Olsen Opshaug (1698-1784) og Gurid Sæbjørnsd. Myklebust, Sløgstad (1696-1765)
Dei står oppført med 14 barn.
Knut og Stordalen stemmer bra. Men der er ingen barn som heiter Gjøri. Det nærmaste vi kjem er Gurid men ho vart gift til Fausa.
Så kankje der var 15 barn...... (1736 er også ledig som fødsel-år.)
Får sette eit spørsmålsteikn og leite vidare......

gj04644
Innlegg: 32
Registrert: 7. mars 2007 kl. 20.11
Sted: PARADIS

Re: Gjøri Olsdtr Opshaug (1736-1819)

Legg inn av gj04644 » 18. februar 2008 kl. 22.34

Ole Opshaug har ei dotter, Guri, til dåpen 21 mars 1733. Lenkje til skanna kyrkjebøker:
http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... g&siz=full

Der er ei Guri/ Giørri Olsdatter på Fausa, gift med Ole Rasmussen i 1762. Lenkje til ekstraskatten 1762:
http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... k=649#ovre

Men desse var frå Sunnylven. Han frå Øvre Ljøen og ho frå Me-Åkernes. Dei vart gifte i Sunnylven i 1755. Dermed trur eg at Fausa er eit feilspor når det gjeld Guri Olsdtr Opshaug.

Svar

Gå tilbake til «Stranda»