Ingdal og Tøndel, Bygdebøker ??

Moderator: MOD_Sør-Trøndelag

Svar
Magnar Hole

Re: Ingdal og Tøndel, Bygdebøker ??

Legg inn av Magnar Hole » 2. april 2002 kl. 18.33

Eg har saumfere Stadsbygdboka etter desse navna, men eg finn dei ikkje. Er det nokon som veit kvar eg finn noko om desse gardane ? Er det kanskje Rissa eller Leinstrandboka ? Lokalgeografi frå Fosen er ikkje mi sterkaste side som de skjønar.
Dei eg er på jakt etter er foreldra til Ingebrigt Eriksen Tøndel ca. 1732 - 1796, og kona Eli Ingebrigtsdtr. 1737 - 1796. Samt foreldra til Anders Jonson Ingdal (øvre) f. ca. 1729, og kona Marit Larsdtr. f. ca. 1733, dei vart gift 26/9 1753.
Er det nokon av dykk dyktige Fosenfolk som kan hjelpe meg ?
På førehand Takk !

Stig Trygstad

Re: Ingdal og Tøndel, Bygdebøker ??

Legg inn av Stig Trygstad » 3. april 2002 kl. 0.29

Hei Magnar!
Sjå innlegget om 'bygdebøker' frå Ellen Andersen som stod på denne lista for eit par dagar sidan!
Der finn du det du treng når det gjeld dei aktuelle bøkene (Lensvikboka og Ingdalsboka)
Elles har eg foreldra til dei du nemner i databasen min (ein del etterslekt òg), men har ikkje tilgjenge til han akkurat no. Sender deg difor dette i morgon.
Mvh
Stig

Stig Trygstad

Re: Ingdal og Tøndel, Bygdebøker ??

Legg inn av Stig Trygstad » 3. april 2002 kl. 11.32

Hei Magnar!
Var nok i raskaste laget med lovnadene med omsyn til Ingebrigt E. Tøndel og kona. Men her veit kan hende Egil Øyangen meir enn eg gjer (han er i etterslekta).
Når det gjeld Anders Jonson Ingdal er det lettare:
Foreldre her er: Jon Jonson Ysland(Haugen) frå Lensvik, f. ca 1683, d. 1726. Han var gift med ei som heitte Anne. Farfaren heitte òg Jon Jonson Ysland(f ca 1653). Far til Marit Larsdtr. Meland trur eg heitte Lars Olsson Meland.
Har etterslekt både på Ingebrigt og Anders, så om du er interessert kan eg sende dei på tekstfil om du har ei e-postadresse. I retur kan eg godt tenkje meg ei utfyllande etterslektliste der du kjem inn?? Adr. [email protected]
Når det gjeld bygdebøker: Du kan ha god nytte av 'Geitastrandboka' når det gjeld etterslekta av Anders J. Ingdal
Lykke til vidare!
Stig

Svar

Gå tilbake til «Agdenes»