Michel Knudsen Veøy eller Bolsøy prestegjeld 1800-talet?

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
John Harry Aarønes
Innlegg: 1026
Registrert: 3. desember 2004 kl. 3.29
Kontakt:

Michel Knudsen Veøy eller Bolsøy prestegjeld 1800-talet?

Legg inn av John Harry Aarønes » 12. april 2006 kl. 22.25

Michel Knudsen skal ifølgje Bolsøyboka (Gardshistoria 2. del) ha fått skjøte i 1841 på eit av bruka på Tollaasen fra Anders Olsens arvinger. Men når han overtok veit eg ikke.

I matrikulutg. 1838 står Otter Larsen Tollås som eier, men han fikk skifteskjøte først 30/5 1841. Otter er ved folketellinga 1865 føderådsmann, 66 år og hans kone Sønøve Knudsd. 64 år. Alle født i Bolsø Prgj. Gården har da matrikkelnr. 170.


Eg ser at ein Michel Knudsen på Kiølset i Veøy, 1/2 år gammal i 1801.

Ein annan Michel Knudsen er forpaktar på Veø Prestegård i 1865.

Eg går ut frå at dette er to forskjellige personar med same namn.

Eg skulle gjerne visst litt meir om Michel Knudsen som visstnok var ein snartur innom Tollaas. Kan det vere ei søster, Sønøve Knudsd., som saman med ektemannen Otter Larsen overtek bruket rundt 1838)

John Harry Aarønes
Innlegg: 1026
Registrert: 3. desember 2004 kl. 3.29
Kontakt:

Re: Michel Knudsen Veøy eller Bolsøy prestegjeld 1800-talet?

Legg inn av John Harry Aarønes » 13. april 2006 kl. 15.16

Eg har funne enno ein kandidat i tellinga for 1801 som Michel Knudsen (takka vere ein epost frå Per Gjendem). Denne personen er ikkje så enkel å finne ved namnesøk. Årsak - han står oppført i eit ord - Michelknudsenderes.

Som foreldre Knud Thronsen Hauen Yttre f. 1766 og Mali Olsdatter f. 1768 som er foreldre til Michel f. 1774, Engebor f. 1791 og Gjertru f. 1797?

Overgangen av Tollås br. 4 - vert no lettare å følgje:

1. Odelsgrunnleggjaren Anders Olsen som hadde dattera Gjertrud. Gjertrud gifta seg med neste brukaren

2. Michel Knudsen (Hauen Yttre) og enka Gjertrud gifta seg so med neste brukaren

3. Otto Larsen Fuglset. Etter at Gjertrud døydde gifta han seg oppatt med Synnøve. Hans datter Gjertrud Marie (eg er usikker på kven mora er) gifta seg med neste brukar.

4. Nils Knudsen og deira datter Olina gifta seg med neste brukar

5. Ingebrigt Taraldsen Torvik og neste brukar vart sonen

6. Nils Ingebrigtsen

Gardsoga for Bolsøy av J. Olafsen-Holm har vore til god hjelp for å finne ut av dette. Eigarane er der, med unntak av at nr. 6 ved ein glipp vert kalla Nils Knudsen. Det som ikkje kjem fram, er at dei fleste brukarane (2-5) vart brukar gjennom giftarmål.

John Harry Aarønes
Innlegg: 1026
Registrert: 3. desember 2004 kl. 3.29
Kontakt:

Re: Michel Knudsen Veøy eller Bolsøy prestegjeld 1800-talet?

Legg inn av John Harry Aarønes » 14. april 2006 kl. 16.00

Det var visst ikkje så enkelt å plassere Michel Knudsen likevel.

I Folketelling 1801 for Bolsøy Hauen Yttre står Mali Olsdatter gift med Knud Thronsen, - og barna Michel, Bereth, Engebor og Gjertru.

Mali Olsdatter var i sitt andre ekteskap. Det første var med Knud Michelsen, og han levde i alle fall så seint som 25/5 1795. Då kjøpte Knud Michelsen på off. auksjon Ytterhaug, som no vart odelsgård i oppsitterens ætt som Olafsen-Holm skriv i gardsoga for Bolsøy.

Dette må innebere at dei tre eldste barna i folketeljinga for 1801 må vere fødd i Mali Olsdatters første ekteskap med Knud Michelsen.


Vidare sit eg med følgjande opplysningar om denne familien:

Knut Michelsen Ytre Haugen, f. ca 1755
Gift 29.10.1775 Birreth Aslaksdtr. Lønset f. ca. 1743 (datter av Aslak Andersen (1) Lønset og Anne Jonsdtr. Strange Lønset).

a. Anne f. ca. 1775. giftet seg med Peder Pedersen Lien (Lønset), gift 26 jul 1799

Gift 2. gang 15 apr 1786 med Mali Olsdtr. Kleve, (datter av Ole Eriksen Kleve og Valborg Nilsdtr. Kleve).


b Michel Knudsen Ytre Haugen[/b], f. 1794
g. 1. 11 nov 1821 med Gjertrud Andersdtr. f. 1796
Var bruker av Tollaas 1821 til 1833 da han kom under isen i Røa og drukna.
Ektetskapet var barnløst.

Er det nokon som kan supplerere/bekrefte/korrigere disse opplysningane - vil eg vere takksam? T.d. at Mali Olsdatter i første ektskap var gift med Knud Michelsen Ytter Haugen ser eg på som svært sannsynleg, men kan ikkje direkte prove det.

Svar

Gå tilbake til «Molde»