John Pederson Sundsby 1787 - 4.nov. 1838 Kven var foreldra?

Her kan du fritt teste Slektsforums funksjoner for å lære deg hvordan det fungerer
Svar
John Sundsby

John Pederson Sundsby 1787 - 4.nov. 1838 Kven var foreldra?

Legg inn av John Sundsby » 3. februar 2006 kl. 18.47

Eg leitar etter foreldra til tippoldefaren min. I folketeljinga frå 1801 er han nemt som fosterson på Sundsby nedre:
http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/we ... 1109#nedre
(eller rettare: eg trur det må vera han)
Han er og nemnt i bygdaboka "Den nye dagen gryr 1800-1900" , (forfattar Orten, 2000) på side 316. Da er han i Kristiansund som tambur ved garnisonen der (i 1815). Seinare vart han gift med Malena Hansdotter Ertvåg (1792-1864) og dei fekk sonen Peder 26.august 1823. I bygdeboka "Gardtales i Aure" band I, side 96 er skiftet frå 1825 etter fosterfaren og fostermora lagt ut, men han er ikkje nemnt som arving der.
Eg har høyrt tidlegare (frå besteforeldre) at han "Jo tambur" skulle vera komen frå Gudbrandsdalen. Men det er vel usikkert. Nokon som har forslag til kvar eg skal leita? Kyrkjebok og/eller Klokkarbok for Aure? Eller andre kjelder?

Mvh

John Sundsby

Svar

Gå tilbake til «Testforum»