Legg inn
av Bjarne Hauge » 6. juli 2011 kl. 12.01
Kvaliteten av slektsopplysningane i Kvinnherad V er ikkje bra. Difor har eg ein del rettingar til boka (dette er føreløbig rettingar).
30 Mons Larsson ca 1784 - 1856, gm Margrete Kristoffersdtr Sundsteigen 1c,
1785 - 1850. Far til Mons heiter Lars Monsson nemnd 1852.
Mons og Margrete hadde sitt fyrste barn fødd her 1815.
Mons var g 2. gong 1852 m Johanna Jonsdtr Kjeka 33b, 1808 -. Borna var:
a Lars Monsson 1808 - (1844-,) truleg fødd på Stumoe, Aalund (Ølen). Ingen av
faddrane stemmer med fadderbruken ellers, og eg kan ikkje finna han blant
konfirmantane i høveleg alder, sjå nedanfor.
b Kristoffer Monsson Kvitavoll 1809 -, fødd på Eide, Eid sokn). Fire av faddrane
hadde tilknytning til Teigen, og Opsanger i Kvinnherad.
Kristoffer var gift 1832 m Marta Kristine Ivarsdtr Landa 3i, budde der, nr 81.
c Lars Monsen Kvitavoll 1812 - (1844), fødd på Eide (Ølen). Det må ha vore han
som drukna på Klosterfjorden 1844, sjølv om alderen var oppgjeven til 36 år.
Han hadde ikkje born nemnde her.
d Nils Monsson 1815 - 1815.
e Helga Monsdtr Kvitavoll 1816 -, g 1. 1841 m Hans Jakobson Eikeland, budde i
Fitjar. Born fødde her:
a Guro Hansdtr 1840 -, reiste 1855 til Stord pg.
b Margrete Hansdtr 1842 -, reiste også til Stord 1855.
Helga var g 2. gong 1861 m em Hermann Jakobson Havnen.
f Madela Monsdtr Kvitavoll 1819 -, g 1844 m Tørres Erikson Holmedal/Eikeland
57c, reiste til Sørhus i Skjold 1847. Dei hadde desse borna fødde her:
a Erik Tørresson 1844 - 1844.
b Margrete Tørresdtr 1846 -.
g Herborg Monsdtr Kvitavoll 1822 -, konf. 1837.
h Tormod Monsson Kvitavoll 1826 -, g 1848 m Brita Madsdtr Ådland Stord, ca
1820 - 1855. Han var g 2. gong 1858 m enkje Brita Larsdtr, sjå Sundsteigen
nr 5. Han hadde sonen Mads 1855 - 1855,
i Guro Monsdtr 1829 - 1829.
j Nils Monsson Kvitavoll 1832 -, konf. 1846. Han reiste til Amerika 1862.
NB
Nokre opplysningar om "Mons Larsson":
Mons Larsson Kvitavoll døydde 1856, 75 år gamal. Dette er nok opphavet til fødselsåret han har i Kvh. V, 1781.
Mons var oppattgift 1852, og då var alderen oppgjeven til 67 år, altså fødd 1785.
1801 var ein Mons Larsson 15 år, var tenar hjå Peder Larsson i Armevik. Peder var frå Langeland på Tysne.
1803 var Mons Larsson Eide konfirmert, ikkje oppgjeven alder.
Mons og Margrete var truleg gifte i den perioden det ikkje var ført gifte i Fjelberg Pg.
Med helsing Bjarne Hauge