Eg leitar etter informasjon etter min 3-tippoldefar, Nils Johnsen Thoen. Det eg veit er:
Han giftar seg 17. april 1810 (lysing 24. mars) med Kari Jørgensdatter Thoen (1782-1866), datter av Jørgen Svendsen Holmestuen (ca. 1748-1809) og Mari Jensdatter (ca. 1744-1815).
Nils og Kari får minst to barn:
Jørgen, f. 1810 (har ikkje funne han døypt, men konfirmert), død 11. april 1842
Karen, f. ca. 1812
I skiftet etter Jørgen Nilsen er mora Kari Jørgensdatter nemnd som enke, så Nils er død før 1843. Familien bur på Aurdalsengen når Jørgen blir konfirmert i 1824 (det stend at mora heiter Kari Johannesd., men det er nok feil frå presten), og der bur dei framleis i februar 1840 Jørgens vigsle, men bur på Skaug når han døyr. Det er truleg denne Nils Johnsen som i 1815 får plasseseddel på ein plass (her kalla Aurdalsgrinna) på Aurdal. Ein høyrer ikkje meir om Aurdalsgrinna, så det er nok det som vert Aurdalsengen seinare.
Eg veit ingenting om Nils sine foreldre, om kvar han kjem frå, osb. Der er fleire Nils Jonsen å plukke av i FT-1801 også, utan at eg tør trekke nokon konklusjonar. At han er nemnd som Thoen under giftarmålet treng ikkje bety at han budde der også i 1801, men kan jo vere til hjelp. Det hadde også vore interessant å vite kvar dei er i mellomrommet mellom vigsla i 1810 og då Nils får plasseseddel i 1815. Håpar nokon har nokre hint som kan hjelpe meg med noko av dette.
Mvh
Gunnar