Bratsberg har vore sokn i "uminnelege tider", altså frå mellomalderen.
Det var anneks til Strinda prestegjeld fram til for nokre år sidan (ca. år 2000?), sidan har det vore saman med Tempe sokn i Tempe prestegjeld.
Bratsberg var ein del av Strinda kommune og vart ein del av Trondheim då Strinda, Tiller, Leinstrand, Byneset og Trondheim vart slegne saman i 1964.
Det er rett at det vart ført eiga bok for Bratsberg frå 1848. Før det var det sams bok for heile Strinda. Men i denne er det ført eigne seksjonar for kvart sokn, slik at i Digitalarkivet er dei skanna bøkene delte opp etter sokn.
Du finn altså eigne "bøker" for Bratsberg frå 1727.
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... sberg&js=j