Karen Olsdatter

Christiania/Kristiania by og kommune samt Aker herred/kommune fra 1814

Moderator: MOD_Oslo

Svar
51114
Innlegg: 6
Registrert: 17 jan 2011 16:52:53
Sted: LEVANGER

Karen Olsdatter

Legg inn av 51114 » 13 feb 2011 16:46:58

Kor vart det av Karen Olsdatter?

Ho var født 14. april og døpt 21. april 1816 i Ullensaker. Far hennes var helst husmann. Det er truleg ho som vart konfirmert 6. oktober 1833 i Ullensaker (som nr. 18, nest sist).

Ho fekk eit barn 22. august 1836, døpt Hennerikke Elisabeth 20 september 1836 i Vår frelsers kyrkje i Christiania, men alltid kalla Betsy. I kyrkjeboka er mora nemnt som Tjenestepige. "Som Fader angives Ungkarl Kapitain i Ingeniørbrigaden Henrik A. Aubert."

Betsy voks opp hos faren. Det var knapt vanleg? Eg har undrast kva årsaka var.

Henrik fekk fleire barn med ei anna kvinne, som han etter kvart gifta seg med. Betsy vart alltid rekna som heilsøster, og ho eller søskena kan ikkje ha visst at ho hadde ei anna mor. Den eldste som vaks opp, var fødd 1840, og Betsy må ha kome så tidleg at søstera ikkje vart var det, helst ikkje seinare enn i 1842-44. Betsy må såleis ha kome til faren i tida 1836-44.

Ei årsak til at Betsy voks opp hos faren, kan vere at mora dødde. Men eg har ikkje funne noko dødsfall i den aktuelle tida.

Rett nok dødde ei Karen Olsdatter, født i Ullensaker, på Rikshospitalet 11. mai 1839. Men ho var da 20 år, og ei Karen Olsen var født 1. mai 1819 i Ullensaker, så dette kan ikkje vere "mi" Karen Olsdatter.
Eg har gått gjennom dødsfall i tida frå august 1836 (da Betsy vart født) til ut 1846 i kyrkjebøkene for Vår frelsers kyrkje, Aker, Oslo og Ullensaker kyrkjer, utan å finne Karen Olsdatter, Karen Olsen el. likn.
I dødsfallsprotokollane for Christiania skifterett for tida 1836-43 har eg ikkje funne Karen Olsdatter el. likn. Heller ikkje i tilsvarande protokollar for Aker sorenskriveri har eg med utgangspunkt i alfabetisk register funne nokon i passande alder.

Skulle nokon ha kome over Karen Olsdatter, f. 1816? Er det fleire stader å leite?
Kan det vere noko anna årsak enn dødsfall til at Betsy kom til faren, som kan ettervisast?

Tor Falch

Brukeravatar
dn22196
Innlegg: 2308
Registrert: 16 jan 2008 11:32:37
Sted: FJERDINGBY

Re: Karen Olsdatter

Legg inn av dn22196 » 13 feb 2011 22:49:26

Hei,er du helt sikker på at ikke moren gifter seg med faren?For konen hans heter nemlig Karen i folketellingen 1865.Har du funnet vielsen hans med denne nye konen?

Brukeravatar
dn22196
Innlegg: 2308
Registrert: 16 jan 2008 11:32:37
Sted: FJERDINGBY

Re: Karen Olsdatter

Legg inn av dn22196 » 13 feb 2011 23:02:24

31.Mars 1843 gifter hennes far seg med Karen Johanne Olsen i Oslo.
https://www.familysearch.org/s/recordDe ... u8TUc%253D

Brukeravatar
Laila Normann Christiansen
Innlegg: 5022
Registrert: 14 jul 2004 19:55:25
Sted: OSLO
Kontakt:

Re: Karen Olsdatter

Legg inn av Laila Normann Christiansen » 13 feb 2011 23:38:44

Og her er vielsen i kirkeboken, nr. 9

Kildeinformasjon: Oslo fylke, Oslo Hospital / Gamlebyen, Ministerialbok nr. 3 (1829-1849), Ekteviede 1843, side 279.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-29
med vennlig hilsen
Laila N. Christiansen
Moderator: Akershus/Oslo, Emigrasjon USA
Les dette før du poster din etterlysning

51114
Innlegg: 6
Registrert: 17 jan 2011 16:52:53
Sted: LEVANGER

Re: Karen Olsdatter

Legg inn av 51114 » 14 feb 2011 09:51:39

Takk for svar.
Karen Olsdatter, mora til Betsy, og Karen Olsen, som gifta seg med Henrik Aubert i 1843, var ikkje same person. Karen Johanne Olsen var født 5. august 1815 i Holmestrand og døpt 3. september 1815 i Botne kyrkje.
Så vi er llike langt! Spørsmåla mine heng der framleis.
Tor Falch

Svar

Gå tilbake til «Oslo, Kristiania og Aker fra 1814»