Legg inn
av 23856 » 14 nov 2010 15:18:16
Hei
Jeg har tilfeldigvis lånt hjem "Folk i Strand 3" og på side 1028 under Jørpeland står det følgende om denne familien:
Jakob Trondsen f. ca 1720, truleg i Hjelmelandsvågen, d. 1800, 80 år. Gift 1756 på Finnøy med Borhild Olsdtr. f. 1736 på Gard på Talgje. d 1789.
Barn:
1) Ole f. 1756, gift 1783 med Ingri Olsdtr Grotnes, sjå under Øvre Bjorheim
2) Trond f. 1759, g 1785 med Ingeborg Paulsdtr Førland
3) Jakob f. 1762. g. 1. med Ingeborg Larsdtr Jørpeland; g. 2. 1791 med Ingeborg Larsdtr. Heng; sjå Sedberg og Heng
4) Eivind f. 1765 g. 1790 med Ragnhild Helgesdtr. Sabakken; sjå Håhammer under Tungland
5) Dotter d. 1771, ikkje nemnt alder
6) Ole f. 1770, var myndig i 1789
7) Henrik f. 1776, g. 1800 med Kari Thorsdtr. Vika; sjå Tausjøen
Dei budde ei kort tid i Søre Tysdal i Årdal, og der blei sonen Trond fødd. Dei kom truleg til Jørpeland i 1760-åra. Dei budde også ei tid på Helland. Jakob er kalla Jakob Trondsen Sagen, og bare "Jakob Sagen", og sidan det ogs var en Jakob Jakobsen Sagen i same perioden, kan barn som bare er knytta til fars-føre-navnet, vera feil plasserte.
Ved skiftet etter Borghild i 1789 var bruttoformua 47 riksdala, og nettoformua 28 riksdalar. Det er nemnt at "Stuehuusene med Kaave og Fiøs" var verd 20 riksdalar. Jakob arbeidde truleg ved saga i periodar. Det var kanskje han som var sagmeister? Han dreiv truleg også med snekkerarbeid. Han etterlet seg nemleg mellom anna to ploghøvlar og ein langhøvel. Jakob Throndsen var husmann under Tungland då han døydde.
Mvh
Vigdis