Knud Knudsen Vinje, f ca 1741 - lesehjelp

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 06 feb 2005 20:46:21
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Knud Knudsen Vinje, f ca 1741 - lesehjelp

Legg inn av dn14369 » 03 nov 2010 21:06:57

Eg har etterlyst han tidlegare. Han emigrerte til Hildre i Haram, gift der 24.7.1770.

1) Kan nokon hjelpe meg med å lese dåpsinnførselen 7.6.1740, her http://www.arkivverket.no/URN:NBN:no-a1 ... 610440.jpg ?

2) Finst Band I av Stordalssoga , og er der i så fall ein høveleg Knut på Vinje? (eg har band II, 1801-1920)

Online
Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Knud Knudsen Vinje, f ca 1741 - lesehjelp

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 03 nov 2010 22:08:17

2) veit ikkje

1) det er litt samankrota, men noko slikt: "Døbt Sal: Knud Anders. Hoves barn Knud. , Fadd: Cornelius Vinie, Ole Støle, Mons ??ve (Hove?), Birthe ib., Birthe Størem(?)"

Online
Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Knud Knudsen Vinje, f ca 1741 - lesehjelp

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 03 nov 2010 22:14:19

hmmm... når eg tenkjer meg om, så har eg faktisk Stordalssoga b. I i bokhylla.

Men det er allmennsoge, ikkje gards- og ættesoge. (Josein Sande, 1989).

dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 06 feb 2005 20:46:21
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Knud Knudsen Vinje, f ca 1741 - lesehjelp

Legg inn av dn14369 » 03 nov 2010 23:24:14

Dette er den mest lovande (einaste) kandidaten eg har funne. Når faren er død før Knut vart fødd, og ein fadder er frå nabogarden Vinje, er det vel ikkje usannsynleg at Knut Knutsen vart oppfostra på Vinje, og at han kan ha brukt det namnet når han flytta ut som vaksen.

Både det og kven som var mor til Knut Knutsen Hove, vil kanskje stå i Stordalssoga. (Gard og Ætt før 1801 ?)

Online
Ivar Ståle Ertesvåg
Innlegg: 4944
Registrert: 12 des 2004 13:08:07
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Knud Knudsen Vinje, f ca 1741 - lesehjelp

Legg inn av Ivar Ståle Ertesvåg » 03 nov 2010 23:42:23

Det ser ut til at den boka må skrivast først. Det er berre dei to binda:
http://www.stordal.kommune.no/artikkel. ... 3&MId2=466



mor til dåpsbarnet Knut, og enkje etter far Knut, heitte Guri Larsd.
Ho er innleidd 17.juli, her:
http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... _side=-254

dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 06 feb 2005 20:46:21
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Knud Knudsen Vinje, f ca 1741 - lesehjelp

Legg inn av dn14369 » 04 nov 2010 18:46:56

Første barnet til Knud Knudsen vart døypt Guri, august 1770. Mora var Marte Pedersdtr. Hildre, og mormora var Marte Pedersdtr. Nedregotten.

Morsnamnet Guri Larsdtr. tar eg som ein sterk indikasjon på at Knud Knudsen Hove er identisk med Knud Knudsen Vinje, soldat, gift i Haram 24.7.1770.

dn14369
Innlegg: 369
Registrert: 06 feb 2005 20:46:21
Sted: TRONDHEIM
Kontakt:

Re: Knud Knudsen Vinje, f ca 1741 - lesehjelp

Legg inn av dn14369 » 04 nov 2010 20:17:32

Nei, Knud Knudsen Hove vart visstnok gift med Gulov Rasmusdtr. Dyrkorn i 1764 og bodde på Flåen i Stordal i 1801. Så då er eg like langt!

Svar

Gå tilbake til «Stordal»