HansToresøn Nesje og Arne Davidsøn Sølsnes

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
John Harry Aarønes
Innlegg: 1026
Registrert: 3. desember 2004 kl. 3.29
Kontakt:

HansToresøn Nesje og Arne Davidsøn Sølsnes

Legg inn av John Harry Aarønes » 29. august 2010 kl. 22.32

Hei!

Eg set meg stadig fast når eg leitar etter slektsamband mellom folk som har levd i Molde på 1700-talet. Det er synd at det foreslåtte biografiske verket som skulle dekke Molde vart lagt på is av økonomiske grunner.

Skulle ønske nokon kunne hjelpe meg med opplysningar om dei folka som er nemnt i følgjande skifter:

Davidsen, Jon ( - skifte 6/11 1770)
Gift med Berit Andersdatter
a. David Jonsen ( ca. 1765 - )
Foreldre David Davidsen ( - skifte 17/10 1741) og Malene Jonsdatter ( - skifte 21/3 1775)

Romsdals Skifteprt. nr. 9 fol. 81b – 1741 17/10 Skifte på Molde etter David Davidsøn g. m. Malena Jonsdtr. Barn: 1) Jon Davidsøn 2) David Davidsøn 3) Mari Davidsdtr. 4) Marte Davidsdtr. Form: Hans Toresøn Nesje og Arne Davidsøn Sølsnes, Jon Anders Stenløs og Bottolv Istad. Laugverge Erik Oure. Hus med stue, kjøkken og kammer 30 rd., naust 10 rd., 2 færinger og endel torskegarn. Intet mer! Brutto 48 rd. Netto 46 rd.

Molde skifteprt. nr. 2 fol 599 – 1770 6/11 skifte på Molde etter Jon Davidsøn g. m. Berete Andersd. Barn: David Jonsøn 5 år. Form: Nils Hansøn. Hus uden Grund 23-3-0. Intet mere. Brutto: 23-3-0. Netto: Ingen

Molde Skifteprt. p. 795: 1775 21/3 Skifte efter afg. Enke Malena Jonsdtr. Afg. Lars Holms til skifte mellem Arvingerne nemlig:
1. Sønnen David Davidsen bortreist for mange Aar og efter Opgivende opholdt sig i Bergen, myndig.
2. Sønnen Jon Davidsen død og efterlat sig en Søn
a. David Jonsen, 10 Aar gl. Formynder Knud Eichrem.
3. Datteren Martha Davidsdtr. Gift med Peder Bottolfsen Istad.

Og då tenker eg først og framst på dei som er nemnt i skiftet frå 1741, nemleg vergene Hans Toresøn Nesje og Arne Davidsøn Sølsnes, Jon Anders Stenløs og Bottolv Istad. Sidan dei er verger i eit Moldeskifte er det jo nærliggande å tru at det finnes noko slektssamband her. Kanskje nokon har tilgang til bygdebøkene som tar for seg Nesje og Sølsnes.

No hadde eg planar om å kontrollere om eg hadde skrive rette opplysningar frå desse skifta, men kjem diverre ikkje inn på dei skanna pantebøkene i kveld.

Svar

Gå tilbake til «Molde»