Legg inn
av Jon Folkedal » 13. juli 2010 kl. 17.25
Hei,
eg har ein mogeleg kandidat, men får ikkje alt til å stemme - sidan eg er på ferie har eg heller ikkje alle kjeldene mine tilgjengeleg - så eg er ikkje 100% sikker på om det er desse du er ute etter? Eg finn ein Jon Olson Bjotveit (1767-1833) og Ingebjørg Sjursdtr Måkestad (1777-1853), dei var busette på Kjerland i Granvin og døydde der (dvs. Ingebjørg døydde i det tragiske Espebryllaupet) , dei to eldste sønene var Olav Jonson Kjerland (1798-1875) og Sjur Jonson Kjerland (1800-?), eg har 14 namngjevne born. Meiner det kan vere ein husmanssplass i Granvin som er kalla Bjørndal eller Bjørndalen, men er ikkje sikker.
Den Sjur (Sivert) du nemner har eg som Krambuhandlar på Skjervøy(?), og vart gift 12. oktober 1828 i Korskirken, Bergen (Ref. Digitalarkivet: Vigde i Bergen 1816-1911, postnr 5443), med Marie Dorothea Holm Jacobsen (f. januar 1806).
Kjelder: Ættarbok for Granvin (1975), side 276, Odda, Ullensvang, Kinsarvik i gamal og ny tid, band 4/I (1971), side 304, og band 5/II, side 215.