Foreldrer til Andreas Olsen og Elida f. Gimsø

Moderator: MOD_Finnmark

Svar
20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Foreldrer til Andreas Olsen og Elida f. Gimsø

Legg inn av 20544 » 11 mar 2010 20:07:54

Eg søker opplysningar om foreldrene til Andreas Olsen f. på Bøle i Hasvik (truleg etter 1909) og kona hans Elida Marie Pauline f. 1910 på Gimsøy i Hasvik.

Det einaste eg veit om paret er at Elida døde 40 år gamal 1950 og at ei datter (Marie) var f. ca 1929.
Har lett etter dåpen til Andreas mellom 1900 og 1909 utan å finne han, difor trur eg han må være f. etter 1909.

Ettersom kyrkjebøkene for Hasvik sluttat 1909 er det ikkje noko der å finne så eg treng hjelp frå folk som kjenner til familien.

- Harald.

20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Re: Foreldrer til Andreas Olsen og Elida f. Gimsø

Legg inn av 20544 » 03 nov 2010 08:36:29

Drar opp igjen dette temaet i håp om at nokon har opplysningar om denne familien.

- Harald.

20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Re: Foreldrer til Andreas Olsen og Elida f. Gimsø

Legg inn av 20544 » 03 des 2010 21:31:30

Då har eg truleg funne familien både til Andreas i FT 1910 her :
http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036978001273/

og Elida her: http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036978001430/

Då skal eg forhåpentligvis kunne nøste slektene deira vidare.

Ellers er eg fortsatt interessert i kontakt med personar som kjenner til desse.

gj23805
Innlegg: 1
Registrert: 10 apr 2015 12:12:48
Sted: Sverige

Re: Foreldrer til Andreas Olsen og Elida f. Gimsø

Legg inn av gj23805 » 10 apr 2015 12:16:15

Hej.

Jag är barnbarn till Andreas och Elida.

Min mamma var deras yngsta dotter Irene, tvilling med Andreas jr. födda 1942.
De fick även två döttrar innan, Asleug Sunde, bor i Trondheim idag. ca
Och maryann Östmo, bor i Stavern idag. född 1936.

Men någon dotter vid namn Marie känner jag inte till.

20544
Innlegg: 949
Registrert: 02 sep 2006 13:56:48
Sted: DAVIK

Re: Foreldrer til Andreas Olsen og Elida f. Gimsø

Legg inn av 20544 » 12 apr 2015 09:23:53

Takk for tilbakemelding Tuva.
Etterlysinga eg hadde i 2010 var på "oppdrag" frå ein bekjent som eg ville hjelpe å finne ut meir om hennar slekt. Etter det eg hugsar no så lang tid etter var ho barnebarn til denne dama i Trondheim ho kalla Marie.

- Kan det være slik at ho var døypt Aslaug men brukte Marie i vaksen alder?
Dessverre har eg ikkje lenger papira på det eg fant ut om familien i 2010.
Eg har no kontakta min oppdragsjevar frå 2010 med kopi av ditt svar, så får vi sjå om vi evt. kan rette opp/ få klarhet i misforståelsar .

Mvh Harald.

Svar

Gå tilbake til «Hasvik»