Hilgunn: Kvar har du desse opplysningane frå?
Minst ei opplysning er fri fantasi - om betaling til prestane: Det stemmer at prestane fekk betalt for kvar handling. Men akkurat når det galdt jordfesting, var det strengt forbod mot å ta betaling for jordfesting (utanom byane). Kristian Vs Norske lov (1687) slår fast at presten mister stillinga dersom han tek betaling for jordfesing. "Men ingenlunde maa de nogen forreskrive, hvad eller hvor meget de ville have, under deris Kalds Fortabelse; For Jorden allene at paakaste maa der intet tagis paa Landet; " (2den bog, 10 Cap, Art 1)
For 100 år sidan hadde prestane fast løn ...
Og etter det eg les på katolsk.no og
http://www.cofe.anglican.org/lifeevents/funerals
har både katolikkar og anglikanarar jordpåkasting.
Spørsmålet som står att er om resten av innlegget også er (orsak uttrykket) berre tull?