Bind 07/side 406 Gjemnes - Olaushåjin. Solheim

Svar
19725
Innlegg: 547
Registrert: 25 mar 2009 21:03:36
Sted: ELNESVÅGEN

Bind 07/side 406 Gjemnes - Olaushåjin. Solheim

Legg inn av 19725 » 30 okt 2009 18:24:55

Side 406 litt under midten, sitat: "Johannes Olson er ikkje identifisert". Men i Eideboka bind 1 side 410 finn vi dette om barna til Ole Pederson Dalen f 1764 i Gjemnes og kona Berit Jonsdotter Bruset f 1758 i Øksendal: 6. Johannes f 1803 på Nedal g 1834 m Gunhild Margrete Gundersdtr Klipen, Kjørsvik, Averøy. Johannes Olson var altså søsterson til Lars Jonson Dønnem/Bruset på Oppistuå Høgset og bror til Peder Olson Dalen på Høgsetnesset og Henrik Olson Dalen på Langnesset, Høgset. Dei hadde og ein bror Jon og søstrene Ane og Dåret gifte i Gjemnes. Jon var gift med Ane Maria Nilsdotter Blakstad , Ane med Ole Tollefson Hjelkrem og Dåret med Didrik Klausson Torvik.

Svar

Gå tilbake til «Gjemnes: Gards- og ættesoge for Gjemnes»