Fredrik og Jens Kristofferson, lesjaveringar i Sunndal

Moderator: MOD_Oppland

Svar
Magnar Husby
Innlegg: 588
Registrert: 25. mars 2009 kl. 21.03
Sted: ELNESVÅGEN

Fredrik og Jens Kristofferson, lesjaveringar i Sunndal

Legg inn av Magnar Husby » 22. juni 2009 kl. 0.13

I Sunndalsboka bind II side 48 står følgjande under Musgjerd bruk 3 Frekstua:
"Fredrik Kristofersen var fødd 1650, sannsynligvis en bror av grdbr Jens Kristofersen Åker. Allerede navnet tyder på at Fredrik var en innflytter, og tradisjonen sier også at han kom fra Lesja, og at han i Sunndal ble kalt "Lesja-Freik" eller "Stor-Freik". Han hustru het Eli Hansdatter."
Deretter kjem ei liste over barna i Sunndal: Eli f1698, Hans f1705, Jens f1706, Mons f1709, Mari f1711, Ole f1715.

Eigarane av garden før Fredrik Kristofersen heitte a)Mons Olson, eigar 1679-1687, død 1687, og kona hans heitte Eli Eriksdotter b)Ole Monsson, eigar 1646-1679, som etterlet seg enkja Anne Gunnarsdotter, død 1680. Dei hadde barna Mons, Gjertrud, Marit og Olaug c) Mons, eigar 1619-1643 (enkja sat med garden til 1646). Om han står det at han var øydegardsmann. Han hadde altså kome hit for å ta over ein gard som låg nede.

Om Jens Kristoferson Åker står det, i Sunndalsboka bind III side 289:
"Jens Kristofersen (1675-1687) = tida han satt med dette bruket i Åker, mi tilf.). Denne mann er lite kjent. Han var vel en innflytter eller av innflyttet familie. Hans hustru het Beret Sivertsdatter."
Deretter kjem ei liste over barna: 1)Jens 2) Anne 3)Elsebe. og deretter: "Jens kan ikke være blitt noen gammel mann. Hans mor Marie Olsdatter overlevet ham. Han døde 1687."

Da eg la inn namna Fredrik Kristofersen og Jens Kristofersen på nettet, dukka det opp hint om at faren deira var prestesonen og gardeigaren Kristofer Jensson Flågåstad, prestesonen på Lesja som vart avretta litt etter 1660 fordi han hadde teke livet av ein nabo. Kona hans heitte ifølgje same hint Marit Olsdotter og var frå Tofte i Dovre.

Står det noko om dette i Lesjabøkene? Kan det godtgjerast eller avsannast om Fredrik og Jens var sønene til Kristofer Flågåstad? Er den Marie Olsdotter som er nemnd i Sunndalsbøkene truleg same person som Marit Olsdotter frå Tofte?

Og finst det noko opplysningar på Lesja som kan tyde på at den Mons-slekta som sat på Musgjerdbruket "Frekstua" (truleg namna etter Lesja-Freik eller Stor-Freik) før Fredrik Kristoferson også kunne vere frå Lesja eller i slekt med han?

Brukeravatar
Arnfinn Kjelland
Innlegg: 427
Registrert: 29. november 2004 kl. 8.56
Sted: VOLDA
Kontakt:

Re: Fredrik og Jens Kristofferson, lesjaveringar i Sunndal

Legg inn av Arnfinn Kjelland » 22. juni 2009 kl. 20.08

Det står ein del om Kristoffer Jensson i i Bygdebok for Lesja bd 3 (1996) s. 206. Kona Marit Olsdtr. var nok frå Tofte, ja, og dei hadde 6 barn, mellom dei ein Jens og ein Fredrik. Men Jens døydde på Tofte i 1680, så han kan ikkje vore den som er nemnt i Sunndalsboka, jfr Lesjaboka:

"I Sunndalsboka bd. 2 s. 48 er det elles nemnt ein Fredrik Kristoffers., ca. 1650-1734, som iflg. tradisjonen var frå Lesja, kalla «Lesja-Freik» eller «Stor-Freik», g. m. Eli Hansd. Dei kom til Musgjerd i Sunndalen. Fredrik var visstnok bror til Jens Kristoffers., ?-ca. 1685, som brukte ein del av Åker i Sunndalen – men det kan ikkje ha vore Jens her, for han døydde altså på Tofte i 1680."

Svar

Gå tilbake til «Lesja»