Dette er namnet Hans Hyldbakk ooppgjev på eit av barna i søskenflokken etter Nils Henrikson Rytter, som var konkurs da han døydde i 1744 i Skrivarstua på Kvanne i dåverande Stangvik kommune. Han har ikkje meir om henne, og ho er heller ikkje nemnt i boka om Rytter-slekta.
Eg meiner at eg veit kvar ho vart av. Ho hamna i Øksendal før 1750 og vart der gift med Jon Jøstenson Engen omlag det året. Dei dreiv garden Bruset på Forset i Øksendal 1753-1780 (Seinare dreiv dei Børset III, som sonen Lars dreiv etter dei før han flytta til Hoset i Kvernes). I Sunndalsboka bind IV side 295 står det: "Hans hustru kjenner vi ikke navnet på." Der er likevel ingen grunn til at Seljedal ikkje skulle gjere det, for ho er nemnt i Ministerialboka for Sunndal frå 1752 både som mor til barn på Bruset (Dei hadde minst 8 barn) og som fadder for andre barn. Og ho er nemnt i folketeljinga i 1801 (Ektemannen Jon døydde i Einskogen på Husby i 1795): Då bur ho hos sonen Nils Jonson og familien hans på husmannsplassen (Hus)bakken under Mjølkill. Her er alderen oppgjeven til 70 år. Ho var altså fødd omlag 1731, og det høver svært godt med ungeflokken i Skrivarstua på Kvanne.
Men grunnen til at eg har begynt å identifisere ho som Dorothea Catharina frå denne ungeflokken, er hopehavet mellom familien til Jon Jøstenson og familien til Nils Nilsson Rytter, broren til Dorthea Cataharina, som overtok gjestgjevariet i Øksendal i 1789. I Øksendal har eg ikkje funne at ho blir omtala som Dorothea Catharina enda; ho blir omtala som Daaret eller Dordi. Men da sonedottera hennar, Dordi Nilsdotter, vart døypt i 1798, var både Nils Nilsen Rytter og Anne Nilsdotter Rytter fadrar, og saman med Knut Sæther har eg funne mange andre fadderhopehav mellom desse familiane. Og dette er ikkje dei einaste indisia. Då sonen til Anne Nilsdotter Rytter, Henrik Olson Grytnes Rytter (bestefaren til forfattaren Henrik Andersson Rytter), vart gamal, var han i legd fleire stader, men da han døydde i 1873, var han hos Ole Olson, f 1816, på Liaplassen i Lia i Jordalsgrenda. Ole Olson var sonen til søskenbarnet hans, Mildri Nilsdotter f 1794 (søstera til Dordi nemnt ovanfor) og altså oldebarnet til Dorothea Catharina.
Det finst enda fleire indisium, til saman så mange at det nesten er umuleg ikkje å dra den konklusjonen at Daaret Nielsdtr frå folketeljinga 1801 er Dorothea Catharina Nielsdotter Rytter frå Skrivarstua. Eg har ikkje funne noko bevis, men kan tenkje meg at ein eller annan prestefamilie eller offisersfamilie har hatt henne i si teneste når dei kom til Øksendalen, kanskje saman med broren Arnt, eller at dei vart sende hit til folk som tok seg av dei då faren døydde utan midlar i 1744.
Er det nokon som kan verifisere eller avsanne denne framstillinga?
Til slutt: Viss konklusjonen min er rett, var Dorothea Catharina tipptipptipptipp-oldemor mi.
Dorothea Catharina Nilsdotter Rytter
Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal
Dorothea Catharina Nilsdotter Rytter
Sist redigert av 19725 den 11 jun 2017 23:48:23, redigert 2 ganger totalt.
Re: Dorothea Catharina Nilsdotter Rytter
Svar frå P.G. på http://www.pergjendem.com.
Eg skjøna lite av kvifor innlegget skulle verte flytt til Sunndal, då hypotesa har like stor relevans for fræningane. Ikke alle er så datakunnige at dei maktar å plassere tilsvar til åskodarane i nordmørskommunen. Vurderingar kan gje ymse følgjer, som at svar vert mangelvare. Eg trengde gjennom problematikken, då eg skreiv resensjon over bygdebok Fræna bd. 2. Turvande vart det å gjere nokre oppslag i kyrkjebøkene på Nordmøre, men eg femnde ikke så vidt som Magnar Husby og kompisane. Her er atterhald sett i høgsetet. Men einkvar skjønar at dette ikkje er noko nybyrjarutkast. Heller ikkje tek eg sikte på å skilje sol og vind i høve til arbeidet. Kvaliteten kjem alltid til syne i pennestroka. Eg kjende att namn frå tidlegare, som då eg skreiv artikkelen om klokkestøypar Christensen på Fuglsetnæset, mellom anna opphavsmann til gilde kyrkjeklokker i Bud og Sandøy. Rada er lang med lokale granskarar som har hatt noko å seie om Nils Nilsen Rytter på Tornes. Upretensiøst har jeg lagt inn kvar leietråd som den gamle skulmeisterkoillegaen Magnar Husby nemner som indisiar, og eg ser dei gjer stofftilfanget fastare i fisken. Difor er eg så frimodig at eg hengjer på eit utkast, nett som Magnar, til vidare handsaming!
. . . .
Nils Henriksen Rytter. d. 1744 i Skrivarstua, Kvanne, Stangvik, Møre og Romsdal.
I. Dorothea (Dåret, Dordi) Catharina Nilsdtr. Rytter, f. ca 1731. Hun giftet seg med Jon Jøstensen Engen, gift ca 1751 i Øksendal, Sunndal, Møre og Romsdal, d. 1795 i Einskogen, Husby, Sunndal. Nils Husby trekker en konklusjon på framlagte indisier at Daaret (Dorte) Nilsdtr. i Ft Tingvoll 1801 er identisk med Dorothea Catharia Nilsdtr. Rytter fra Skrlivarstua.
A. Lars Jonsen Hoset, d. i Hoset, Kvernes, Møre og Romsddal.
B. Nils Jonsen Husbakken Melkil.
1. Dordi Nilsdtr. Husbakken.
2. Mildri Nilsdtr. Husbakken, f. 1794 i Hsusbakken, Melkil, Husbygenda, Tingvoll. Hun giftet seg med Ole Olsen ( nr. 1, ?) Liaplass Lia.
a. Ole Olsen (Nr. 2) Liaplass Lia, f. 1816 i Liaplass, Lia, Jordalsgrenda, Tingvoll.
II. Nils Nilsen (1) Rytter, f. i Øksendal, Sunndal, Møre og Romsdal. Han giftet seg med Katrine Olsdtr. Øksendal, gift i Øksendal, Sunndal, Mør eog Romsdal, f. 1758 i Øksendal, Sunndal, Møre og Romsdal, d. 1849 i Veøy. Nils Nilsen (1) Rytter tok over gjestgiveriet i Øksendalen 1789.
A. Nils Nilsen (2) Rytter, f. 1768 i Kvernes, Møre og romsdal. Han giftet seg med (1) Johanne Johansdtr. Hollingsæter Stavik, f. 1772 i Røros, Sør-Trøndelag, (datter av Johan Mortensen Hollingsæter Stavik og Berit Hansdtr.) d. 1826 i Stavika, Fræna, Møre og Romsdal. Han giftet seg med (2) Anne Olsdtr. Herinn Helle Stavik, f. 1796 i Vistdal, Nesset, (datter av Ole Iversen Grønfet Helle og Margrete Olsdtr. Grønfæt) d. i Stavik, Fræna. Nils døde 21 jan 1841 i Stavik, Fræna, Møre og Romsdal. Familien flyttet til Stavika fra Øksendalen i 1820 hevder Johan Julnes. Det er vel neppe riktig siden de kom fra Kvernes.
1. Anne Nilsdtr. Rytter Vestadvik, f. 1797 i Stavik, Fræna, Møre og Romsdal. Hun giftet seg med (1) Jacob Larsen Sunde Stavik, gift 16 okt 1825 i Bud, Møre og Romsdal, f. 1800 i Sunde, Hustad, Møre og Romsdal, (sønn av Lars Larsen (1) Sunde og Ingeborg Jacobsdtr. Nør-Bjørnsund (Sunde)) d. 6 feb 1836 i Hustad. Hun giftet seg med (2) Sivert Størkersen Sandblåst Sunde, gift 28 des 1828 i Fræna, Møre og Romsdal, f. 14 aug 1814 i Hustad, Møre og Romsdal, (sønn av Størker Johansen Ekren Sandblåst og Malene Eriksdtr. Godal) d. 24 des 1896 i Nr. 101/6 Sundet, Fræna. Anne døde 16 okt 1860 i Fræna. Jordmor
a. Ingeborg Johanne Jakobsdtr. Vestadvik Sunde, f. 1825 i Vestadvik, Fræna, Møre og Romsdal. Hun giftet seg med Halvor Hansen Skaatun, gift 1869 i Fusa, Hordaland. Ingeborg døde ett 1900 i Vestadvik, Fræna.
b. Anne Birgitte Jakobsdtr. Vestadvik Sunde, f. 5 nov 1830 i Vestadvika, Fræna, Møre og Romsdal. Hun giftet seg med (1) Bendigt Størkersen Nør-Bjørnsund (Vigene), gift 1864 i Vågøy, Møre og Romsdal, f. 1821 i Nordre Bjørnsund, Fræna, Møre og Romsdal, (sønn av Størker Bendigtsen (Sandøy) Nør-Bjørnsund og NN Kristoffersdtr. (Løvik) Sør-Bjørnsund) d. bef 1900 i Vigene, Hustad, Møre og Romsdal. Hun giftet seg med (2) Jan Sverkeson Vindenes, gift ett 1864 i Fusa, Hordaland. Hun giftet seg med (3) Salamon Lassesen Vindenes, gift ca 1875 i Fusa, Hordaland. Anne døde 5 nov 1913 i Fusa, Hordaland, gravlagt 11 nov 1913 i Fusa, Hordaland.
c. Jacob Jacobsen Sunde Vestadvik, f. 1832 i Stavik, Fræna.
2. Nils Nilsen (3) Rytter Stavik, f. 1800 i Fræna, d. 1803.
3. Anne Kristine Nilsdtr. Rytter, f. 1802 i Øksendal, Sunndal, Møre og Romsdal. Hun giftet seg med Lars Eriksen Baret Sunde, gift 5 aug 1832 i Aukra, Møre og Romsdal, f. 1806 i Baret, Aukra, Møre og Romsdal, (sønn av Erik Sivertsen Mordal Baret og Marit Pedersdtr. Vestad Baret) d. 8 mai 1875 i Sunde, Hustad. Anne døde 17 mar 1979 i Fræna, Møre og Romsdal.
a. Erik Larsen Stavik, f. 14 apr 1833 i Fræna, Møre og Romsdal. Han giftet seg med Lava Marie Larsdtr. Hustad, gift 5 jul 1863 i Bud, Møre og Romsdal, f. 1829 i Hustad, Møre og Romsdal, (datter av Lars Hansen Ekren Hustad) d. 24 okt 1891 i Fræna. Erik døde 20 feb 1911 i Fræna.
(1) Karen Anna Eriksdtr. Stavik, f. 23 des 1864 i Frøæna, d. 11 jun 1892 i Fræna.
(2) Elen Anna Eriksdatter Stavik, f. 2 apr 1866 i Fræna. Hun giftet seg med Laurits Pedersen Jendemsjø, gift 22 apr 1870 i Fræna, Møre og Romsdal, f. 1869 i Fræna, (sønn av Peder Larsen (2) Åsen Jendemsjø og Elisabeth Pedersdtr. Småge) d. før 1931 i Fræna.
(a) Emma Margrete Lauritsdatter Jendemsfjø, f. 1893 i Fræna, Møre og Romsdal.
(b) Peder Lauritsen Jendemsjø, f. 1894 i Fræna.
(c) Emilie Laurtisdtr. Jendemsjø, f. 1895 i Fræna.
(d) Karen Lauritsdtr. Jendemsjø, f. 1898 i Fræna.
(e) Lars Lauritsen Jendemsjø, f. 26 mar 1900 i Fræna.
(f) Ludvig Lauritsen Gjendemsjø, f. 12 apr 1902 i Jendemsjø, Fræna, Møre og Romsdal. Han giftet seg med Beret Anna Bella Eidskrem, gift 1925 i Vågøy, Fræna, Møre og Romsdal, f. 19 sep 1900, (datter av Hans Andersen Åndal Eidskrem og Oline Margrete Paulsdtr. Eidskrem). Information missing according to K.A. Hollingsæter on page 55 about all siblings from first matrimony, except Ludvig who became farmer and fisherman at Jendemsjyna.
[1] Laurits (2) Ludvigsen Gjendemsjø, f. 11 apr 1926. Han giftet seg med Klara Hellandshamn, f. 1928.
[A] Elisabet Jendemsjø, f. 1954.
[B] Ludvig Jendemsjø, f. 1955.
[C] Bente Jendemsjø, f. 1957.
[D] Johan Jendemsjø, f. 1961.
[E] Leif Ketil Jendemsjø, f. 1966.
[2] Hans Gjendemsjø, f. 1 apr 1927. Han giftet seg med Borghild Våge, f. 1931.
[3] Peder (2) Gjendemsjø, f. 18 feb 1929. Han giftet seg med Gunvor Halås, f. 1933. Residence Elnesvågen. 4 children.
[4] Kåre Petter Jendemsjø, f. 9 okt 1931. Han giftet seg med Kristine Elnes, f. 1 mar 1931 i Fræna. Kåre P. and Kristine have 5 children.
[5] Olga Elsa Gjendemsjø, f. 2 jul 1934 i Fræna, Møre og Romsdal. Hun giftet seg med Ole Øystein Ulleland, f. 26 jan 1923 i Bolsøy, Møre og Romsdal. Olga and Ole have 2 adopted children.
[6] Lodve Gjendemsjø, f. 15 aug 1941.
(3) Lovise Marie Eriksdtr. Indre Stavik, f. 28 apr 1868 i Fræna, Mrøe og Romsdal. Hun giftet seg med (1) Sivert Ludvig Markusen Bergset Fjøren, f. 14 mar 1851 i Drågen, Bud, Møre og Romsdal, (sønn av Markus Simensen Bergset og Ingeborg Torkildsdtr. Bergset). Hun giftet seg med (2) Johan Sven Svenson, gift 23 aug 1906 i Bud, Møre og Romsdal, f. 1851 i Advara, Skarsberg, Sverige, (sønn av Sven Håkanson). Hun giftet seg med (3) Iver Andreas Bendigtsen Blø Y, Stavik, (sønn av Bendigt Knutsen Blø Røsok og Berthe Anna Nilsdtr. Hatlehol). Hun giftet seg med (4) Ole Evensen Ophus, f. 1867 i Bud, Møre og Romsdal.
(a) Johan Rytter Sivertsen Bergset, f. 1900 i Fræna, Møre og Romsdal.
(b) Sverre Johansen Vestad, f. 5 mar 1903 i Fræna.
(c) Anton Johansen Vestad, f. 30 jun 1904 i Fræna. Søren Knutsen farmed at Dale nr. 3 according to the farm registre ("matricle") of 1669. This could be the grandfather of Søren Knutsen who farmed here 1724.
(d) Jenny Marie Vestad, f. 5 sep 1906 i Stavik, Fræna.
(e) Bernhard Iversen Y. Stavik, f. 10 okt 1888 i Fræna, d. 25 apr 1895 i Fræna.
(f) Erhard Laurits Olsen, f. 5 jun 1891 i Bud, Møre og Romsdal, d. i USA.
b. Johannes Larsen Stavik, f. 28 ,ar 1835 i Fræna, Møre og Romsdal. Han giftet seg med Anne Alfsdtr. Vikan el. Vestadvik, f. 23 feb 1829 i Vestadvika, Fræna, Møre og Romsdal, (datter av Alf Alfsen (3) t.y. Vestadvik og Berit Nilsdtr. Rakvåg).
c. Nils Larsen Stavik, f. 25 sep 1837 i Fræna. Møre og Romsdal, d. 3 aug 1868 i Reknes Hospital, Molde.
d. Lars Larsen Stavik, f. 8 feb 1840 i Fræna, Møre og Romsdal. Partner Johanne Jonsdtr. Skotten, f. 18 apr 1833 i Hustad, Møre og Romsdal, (datter av Jon Steffensen Skotten og Martha Hansdtr. Skotten).
(1) Anna Marie Larsdtr. Stavik, f. 13 sep 1867 i Vadsø, Finnmark.
(2) Anna Lovise Larsen Stavik, f. 12 feb 1870 i Vadsø, Finnmark.
(3) Jakobine Olufine Larsdtr. Stavik, f. 9 sep 1872 i Fræna, Møre og Romsdal.
4. Olava Nilsdtr. Rytter Stavik, f. 1806 i Stavik, Fræna, Møre og Romsdal. Hun giftet seg med (1) Ole Olsen nr. 3 Kleppen, gift 21 nov 1830 i Bud, Møre og Romsdal, (sønn av Ole Eriksen Kleppen og Anne Jensdatter). Hun giftet seg med (2) Amund Paulsen Varhaugvik, gift 25 jun 1848 i Bud, Møre og Romsdal, f. 14 mai 1824 i Aukra, Møre og Romsdal, (sønn av Paul Hansen Hjelvik I. Varhaugvik og Marit Olsdtr. Indre Varhaugvik) d. 22 sep 1892 i Aukra.
a. Johanne Christine Olsdtr. Kleppen, f. 23 mai 1831 i Bud, Møre og Romsdal.
5. Nils Nilsen (4) Stavik, f. 1809 i Øksendal, Sunndal, Møre og Romsdal, d. 1837 i Stavik, Fræna.
6. Jon Nilsen Rytter Stavik, f. 1812 i Stavik, Fræna, Møre og Romsdal. Han giftet seg med Andrina Olsdtr. Venås Vestadvåg, gift 23 aug 1835 i Bud, Møre og Romsdal, f. 1785 i Farstad, Hustad, Møre og Romsdal, (datter av Ole Stephensen Venås og Gjertrud Andbjørnsdtr. Venås) d. ett 1835 i Vestadvåg, Harøysund, Bud. Jon døde 11 sep 1855 i Reknes Hospital, Molde.
7. Johan Nilsen Rytter Stavik, f. 3 okt 1816 i Fræna, Møre og Romsdal. Han giftet seg med Marit Olsdtr. Vestad, gift 21 sep 1845 i Bud, Møre og Romsdal, f. 22 jun 1816 i Vestad, Fræna, Møre og Romsdal, (datter av Ole Andersen Karlsnes Vestad og Marit Andersdtr. Glomset Vestad). Johan døde 1868 i Kristiansund.
8. Bride Nilsdtr. Rytter Vestadvik, f. ca 1817 i Fræna, Møre og Romsdal.
III. Anne Nilsdtr. Rytter. Hun giftet seg med Ole Grytnes.
A. Henrik Olsen Grytnes Rytter, d. 1873 i Lliaplass, Lia, Jordalsgrenda, Tingvoll. Bestefar til forfatteren Henrik Andersen Rytter.
IV. Arnt Nilsen Rytter.

Vennlig hilsen
Per Gjendem
Per Gjendem
Re: Dorothea Catharina Nilsdotter Rytter
Eg konstaterer at eg har ein meingsfelle når det gjeld kva forum innlegget mitt burde stå på. Når eg ville ha det under Fræna og, så var det nettopp fordi eg tenkte at etterslekta etter Nils Nilsson Rytter i Stavika kunne sitje inne med opplysningar til hjelp. Men eg måtte nøye meg med at det stod under Sunndal og Surnadal, utan at det har gjeve nemneverdig resultat. Per sitt innlegg er den einaste reaksjonen så langt. Den vesentlegaste skulda for at det er lite med resultat , må vel likevel brannen som tok kyrkjebøkene i Stangvik ta.
Det er kjekt at nokon har begynt å setje opp eit etterslektsoversyn for Nils Henrikson Rytter på Skrivargarden på Kvanne. Han døydde som ”raka fant”, og det førte tydelegvis til at det er lite å finne om barneflokken og familien. Kven han var gift med, veit vi vel heller ikkje enno? Sjølv om det truleg må vere ei Anne? (Det må vi tru ut frå namninga i etterslekta).
I Sunndalsboka står det om Jon Jøstenson Engen (1728-1795) og den unamna kona i Sunndalsboka bind IV side 289, side 295, og side 326. Det eldste barnet deira,
1.Lars f 1750, er ikkje nemnd i barneflokken side 295. Her er
2.Anders f1753 den første.
Og her ein liten stopp: Viss dette er dei to første borna, er det i strid med namnetradisjonen. Ingen av dei nære forfedrane til Jon og Dordi heitte Lars eller Anders. Men det kan tenkjst ein grunn: Viss Dordi (og broren Arnt) vart teken vare på då faren på Kvanne døydde, kan det tenkjast at Lars Larsson Grødal på kapellangarden Sandbrekken og Anders Trondson på Jostua Husby og Sandbrekken, hadde noko med dette å gjere. (Desse hadde kontakt med prestane i Sunndal prestegjeld, som nesten alle hadde eit eller anna med Rytterslekta å gjere). Resten av barneflokken deira:
3.Nils Jonson f 1755 (kom til ein husmannsplass på Myrset i Eidsvåg, Nesset),
4.Anders Jonson f1756 døypt 5te søndag i faste (tyder på at den første Anders døydde, men eg har ikkje funne prov, og eg finn heller ikkje noko meir om den andre),
5.Beret (Brit) Jonsdotter f1758 døypt midfastesøndag,
6.Nils Jonson f1860 døypt søndag etter midfaste – gift 1792 med Anne Evensdotter f1758 på Bøen i Husby – husmann på Husbakken under Melkild – død som husmann på plassen Småskog i Øvre Jordal 1823 – i 1801 oppheld mora Dordi Nilsdotter seg hos dei, 70 år gamal,
7.Ane Jonsdotter f1763 døypt Kristi himmelfartsdag,
8.Jøsten Jonson f1766 døypt 3. søndag i faste,
9.Jon Jonson f1769 døypt 3. søndag i faste – døydde i Larsstua, Hol på Averøy i 1834 (Averøyboka bind IV side 456)
Eldstesonen Lars f1750 overtok Børsetgarden som faren sat med 1770-1782, gifta seg med slektningen Sigrid Johansdotter Børset, sonedotter til prestesonen Daniel Danielson Hoff f1702 på Hov prestegard i Sunndal, men flytta så til Høgset ved Gjemnes (Kvernes prestegjeld). I Sunndalsboka bind IV s326 ser vi at Seljedal ikkje har fått med seg at Lars var sonen til Jon Jøstenson.
Når det gjeld slekta etter Nils Jonson og Anne Evensdotter, så er dette gjort greie for under temaet ”Nils Isaksen og Doret Nilsdatter, f. omtrent 1800 i Sunndal” under Sunndal, av meg og andre. Ungeflokken ovanfor har meir etterslekt enn det, men det får ein kome tilbake til.
Til slutt nokre kommentarar til Per:
a.Husbygrenda er ikkje ein del av Jordalsgrenda og dåverande Tingvoll prestegjeld, men ein del av Øksendal og Sunndal prestegjeld. Mildri Nilsdotter f 1794 på Husbakken, var ikkje gift med Ole Olson, men med Lars Nilsson Lien. Ole Olson var ein son ho hadde føre ekteskapet, fødd i 1816, men han tok over Liaplassen etter stefar sin.
b)Mannen til III. Anne Nilsdotter Rytter frå gjestgjevariet i Øksendalen (fødd i Stangvik) heitte Ole Estenson Røhjell,f 1765, men kvar faren hans kom frå, er på det uvisse. Når sonen deira, Henrik Olson Rytter f1797, som etterkvart slo seg til på Grytnes i Øksendal (Henriktrøa – det låg like ved Husbakken på Melkild), tok Rytternamnet, ser det difor førebels ut til at han tok det frå mora. Men det står att å finne ut kvar familien på Røhjell i Sunndalen kom frå. Denne Henrik Olson Rytter, som altså var farfar til forfattaren og nynorskmannen Henrik Andersson Rytter, hadde 10 barn.