Helga Olsdtr. f 1735 Vigrestad

Moderator: MOD_Rogaland

Svar
gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 08 mar 2009 16:40:43
Sted: ORRE

Helga Olsdtr. f 1735 Vigrestad

Legg inn av gj08969 » 17 mar 2009 23:21:40

Prøver igjen :-)

Kan nokon hjelpa med forferdre/mødre til Helga Olsdotter frå Vigrestad, død 1803 på Versland i Bjerkreim. Gift 1772 med Elling Nilsson frå Kløgetvedt i Bjerkreim (f. 1749 d. 1834).

Innrømmer at dette er "makleg", men det tek for mykje tid å søkja i kjeldene sjølv ......

dn22842
Innlegg: 171
Registrert: 04 jul 2008 12:54:57
Sted: STAVANGER
Kontakt:

Re: Helga Olsdtr. f 1735 Vigrestad

Legg inn av dn22842 » 18 mar 2009 13:42:18

Legger ut en telling fra 1801: :wink:

http://digitalarkivet.no/cgi-win/webcen ... &merk=2074

Mvh
Eyvind

8966
Innlegg: 96
Registrert: 30 des 2007 09:32:12
Sted: BRYNE

Re: Helga Olsdtr. f 1735 Vigrestad

Legg inn av 8966 » 18 mar 2009 19:51:26

I gards og ættesoga for Varhaug, side 351 under Vigrestad 23 står det bl.a. dette om foreldra til Helga født 1740.
Ola Olson Engene, son til Ola Svenson Vålandsengene under Hetland i Ogna og Helga Svensdtr. Han var fødd på Eikeland i Ogna 1713, død på Vigrestad 1793. Gift 1) med Malena Rasmusdtr Hårr fødd kring 1683.
Får du tak i ættesogene for Varhaug og Ogna, trur eg at du kan fylgja slekta i fleire ledd bakover.

gj08969
Innlegg: 48
Registrert: 08 mar 2009 16:40:43
Sted: ORRE

Re: Helga Olsdtr. f 1735 Vigrestad

Legg inn av gj08969 » 18 mar 2009 22:19:02

Mange takk skal du ha. Får prøve å få bestilt dei på biblioteket, utvalet dei har inne er ikkje altfor godt :-) Er det dei gamle Gards- og ættesogene du tenkjer på, eller er det kome noko i nyare tid?

8966
Innlegg: 96
Registrert: 30 des 2007 09:32:12
Sted: BRYNE

Re: Helga Olsdtr. f 1735 Vigrestad

Legg inn av 8966 » 19 mar 2009 16:43:39

Ættesoga for Varhaug kom ut i 1972. Ættesoga for Ogna kom i 1975. Det er Hå kommune som er utgjevar, og forfattaren heiter Torgeir Edland.
Begge bøkene er mørke røde. Dei er gamle, men gode. Dei vart oppdaterte til tida rett før dei havna på trykkeriet, så her finn du informasjon om hendingar heilt inn på syttitalet. Og det som har hendt etter den tid, kan me få fatt i ved å snakka med nålevande personer.

Svar

Gå tilbake til «Hå»