Johannes Torsteinson Kvigstad på Husmo f. 1748

Moderator: MOD_Nordland

Svar
13959
Innlegg: 10
Registrert: 16 okt 2008 22:43:17
Sted: STEINKJER

Johannes Torsteinson Kvigstad på Husmo f. 1748

Legg inn av 13959 » 28 des 2008 12:33:26

Eg har denne teksten så langt vedr. garden Sundsbø i Lindås:

Johannes Torsteinson Kvigstad f. 1748 Vestre Toten i Oppland d. 1830 g.m. Anna Torsdtr f. 1751 d. 1823. I folketeljinga 1801 budde familien på Husmo i Alstahaug, Nordland, han var 53 år og ho 50 år gl. Han var då nemnd som skreddar. Skøyte i 1807 på eit bruk på Sundsbø i Lindås. I 1826 vart eit delebrev etter Anna tinglyst, der bruket vart taksert til 100 spd og utlagt på enkjemannen Johannes. Dessutan åtte dei ein part på 1 pd 16 mk fisk i garden Husmo, som vart utlagt på dottera Ingeborg for taksten 100 spd. Johannes døydde i Bergen, nemnd som gjestgjevar. Det vart då opplyst at han var fødd i Toten prestegjeld.
Barn: a. Ingeborg Margrete f. 1789 (12 år gl i 1801) d. 1850 g. 1813 Lindås m. Karl Olson Lindbom f. 1787 Torsnes i Jondal d. 1846, korporal, sidan arbeidsmann, bustad Bergen.

Takknemlig for utfyllande opplysningar, f.eks. om opphavet til Anna Torsdtr.
mvh Arvid

13959
Innlegg: 10
Registrert: 16 okt 2008 22:43:17
Sted: STEINKJER

Re: Johannes Torsteinson Kvigstad på Husmo

Legg inn av 13959 » 28 des 2008 16:47:22

Nye opplysningar:
Eg fann giftarmålet til Johannes og Anna i kb for Alstahaug/Alstahaug i 1787 (Dom 15 p Trin, fol 45, venstre side). Der er ho nemnd Dahre (synest eg det står). Ho er nemnd Dovie (?) ved dåpen til dottera Ingeborg Margreta i 1790 (også i kb for Alstahaug/Alstahaug). Kan ho vera av Darre-slekta? Ved dåpen til ei Anna Torsdtr i 1751 i Alstahaug står det '1751 Dom 2 Adv døbt Tor Jensen Hestøen hans uekte barn Anne'. Hestøy er i Tjøtta sokn i Alstahaug. Det er usikkert om det er den same Anna som giftar seg i 1787.

Svar

Gå tilbake til «Alstahaug»