Legg inn
av Tor Stallvik » 16. januar 2009 kl. 17.07
11. november 1982 fekk eg brev frå ein Larry Walker i Seattle, som var på veg til Noreg for å finne stader der slekta kom frå. Eg skreiv tilbake og da han kom til Stjørna, fekk han møte fjerne slektningar, Tor Sandvik og mora Agnette og bror hennar, Guttorm Søtvik.
Slik fekk vi og nøsta opp slektskapen med han og Joakim Larsen. Ved giftemålet i Stjørna var Joakim oppgjeven å vere fødd i Strinda. Dette var ikkje rett. Han var født på Skatval 21. november 1852 på plassen Notvik under ytre Forbord. Foreldra var Lars Halvorsen Saltrø og Olianna Johnsdotter Forbordsstein, som vart gift i Skatval 1. nov. 1849.
Joakim var andre barnet deira. Dei andre var: Johan, f. 24. juni 1849, Regina Birgitte, f. 11. des. 1854, Ole Andreas, f. 23. mai 1857, Ole Andreas, f. 24.01.1859, Olaus, f. 3. juli 1861 og Lorns Martin, f. 8. jan. 1864.
Faren Lars Halvorsen døde 9. mai 1863.
Broren Johan vart gift med Oline Sivertsdotter, og dei fekk to barn i Noreg: Maria Otelia i 1876 og Laura i 1879, før dei utvandra til Benson, Minnesota, 2. juni 1881. Der fekk dei tre barn til: Anna, Hilda og John.
Eldste dottera Maria vart gift med Leif Young, som igjen fekk fire barn: Edna, Lestger, Floyd og Invald.
Edna vart gift med Charles Walker, som var foreldre til Larry, som besøkte Noreg i 1983.
Eg utveksla julebrev med han eitt par års tid etterpå, men sia har eg ikkje hatt kontakt, og søk i telefonkatalog i US har ikkje ført mem på sporet av han. Han kan vel vere død også no.
Larry dreiv gransking også sjølv, og fekk kartlagt barna etter Joakim og Kristine, men så lenge eg hadde kontakt med han, hadde han ikkje vore i direkte kontakt med nokon av den greina, men han førte opp følgjande barn av Joakim: Othelia, Ida, Rudolph, Bernard, Julius, Herman, Alvin, Violet, Garfield, Ludvig, Anna Katrine og Jørgine Margarete.
Denne siste søskenflokken var altså søskenbarn med Larry si bestemor Maria.
Lykke til med vidare jakt på fjerne slektningar!
Hesling Tor Stallvik