Garden Steensland i Ryfylke

For etterlysn. som ikke kan plasseres på undernivå

Moderator: MOD_Rogaland

Svar
5486
Innlegg: 11
Registrert: 13 jan 2005 21:40:58
Sted: SUNDE I SUNNHORDLAND

Garden Steensland i Ryfylke

Legg inn av 5486 » 23 jul 2008 11:57:35

I skifte etter Margarethe Torgersdatter Bjelland (ei av mine aner) den 22. februar 1785, er ein Torger Gudmundsen mellom arvingane. Han er ført som myndig son av Margarethe, og er sjølveigar på garden Steensland i Ryfylke. Han må vera son av ein Gudmund Aadnelson (eller kanskje Arnoldsen?) Kaldestad som Margarethe først var gift med. Eg har ikkje funne fleire opplysningar om Torger Gudmundsen korkje i folketeljingar eller kyrkjebøker her. I bygdeboka Kvinnherad 4, Gards- og ættesoga for Husnes sokn, av Erling Vaage, går det fram at Gudmund er fødd i 1709 og at han gifte seg med Margarethe Torgersdatter i 1735. Margarethe vart gift med Nils Larsen Bjelland i 1740.
Kan nokon i Ryfylkekommunane hjelpa meg med å finna kva kommune og prestegjeld/sokn den aktuelle garden Steensland høyrer til?

Med helsing

Ansgar Bjelland

15593
Innlegg: 1404
Registrert: 28 feb 2005 17:17:46
Sted: HAUGESUND

Re: Garden Steensland i Ryfylke

Legg inn av 15593 » 23 jul 2008 20:15:49

Det er Steinsland i Hjelmeland i Ryfylke.
Mvh. Johan Arthur Hansen :)

5486
Innlegg: 11
Registrert: 13 jan 2005 21:40:58
Sted: SUNDE I SUNNHORDLAND

Re: Garden Steensland i Ryfylke

Legg inn av 5486 » 24 jul 2008 00:18:19

Tusen takk for kvikk respons!

Med helsing
Ansgar Bjelland

10484
Innlegg: 3
Registrert: 02 des 2004 17:10:56
Sted: SJERNARØY

Re: Garden Steensland i Ryfylke

Legg inn av 10484 » 04 aug 2008 20:00:24

Det fins ein gard på Sandeid i Vindafjord som heiter Steensland.

Helsing Karin Vik

Brukeravatar
gj08067
Innlegg: 131
Registrert: 14 nov 2008 15:49:18
Sted: BERGEN

Re: Garden Steensland i Ryfylke

Legg inn av gj08067 » 20 jan 2009 16:36:40

... og så er der en gård som heter Steinsland øst for Fattnes i Sand (Jelsa), på halvøyen mellom Saudafjorden og Hylsfjorden :)

Mvh Arne Sv. Toklum

5486
Innlegg: 11
Registrert: 13 jan 2005 21:40:58
Sted: SUNDE I SUNNHORDLAND

Re: Garden Steensland i Ryfylke

Legg inn av 5486 » 21 jan 2009 00:18:29

Tusen takk for svar. Eg ser det er fleire gardar med namn Steinsland i Ryfylke, men eg har ikkje hatt høve til å følgja opp alle enno. Eg har ikkje funne opplysningar i dei skanna kyrkjebøkene eg hittil har sett i. Eg har heller ikkje bygdebøker frå desse områdene. Men eg skal følgja opp alle svar. Tusen takk.

Med helsing
Ansgar Bjelland

Trine Lunde
Innlegg: 5
Registrert: 06 jan 2007 18:34:15
Sted: SAND

Re: Garden Steensland i Ryfylke

Legg inn av Trine Lunde » 24 jan 2009 12:46:39

Hei

Jeg har leita i "Sand. Gardar og folk" av Ernst Berge Drange. Finner ikke Torger Gudmundsen under Stensland eller i navneregisteret.
Trur nok ikke det er Stensland i Suldal.

Lykke til videre!

Med hilsen Trine Lunde

dn21658
Innlegg: 73
Registrert: 26 okt 2007 17:43:07
Sted: HOMMERSÅK
Kontakt:

Re: Garden Steensland i Ryfylke

Legg inn av dn21658 » 08 mar 2009 19:00:08

Muligens denne gården
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
Mvh
Geir H

Svar

Gå tilbake til «Ryfylke - ukjent kommune»