Supplement/side 231b Furu - Brandeinan

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Supplement/side 231b Furu - Brandeinan

Legg inn av gj04325 » 15 jun 2008 11:02:46

Om Marit Eriksdotter står det at ho må ha vore den første kona til den Jon Fredriksson (Storløkken) som kjøpte Åker bruk nr. 15.

Retting:
Mannen til Marit var nok broren til denne Jon Fredriksson på Åker, og som hadde same namnet. Han var f. på Storløkken i Rindal i 1830 – sjå Gards- og ættesoge for Rindal bind III s. 420. Der står det at denne Jon må ha døydd som barn, men det kan ikkje vere rett. Han vart konfirmert i 1845. (Jon Fredriksson på Åker var f. 1833, og konfirmert 1848.) Marit og Jon vart for øvrig gift i Kristiansund i 1858. I 1864 er dei registrert innflytta til Sunndal, og i 1865 budde dei på Sunndalsøra. Sjå elles retting til s. 257.

Kjelder elles:
- Møre og Romsdal fylke, Surnadal, ministerialbok nr. 595A04 (1829–1843), fødde og døypte 1833 s. 26.
- Møre og Romsdal fylke, Surnadal, ministerialbok nr. 595A05 (1843–1851), konfirmerte 1845 fol. 118 og 1848 fol. 131.
- Møre og Romsdal fylke, Kristiansund, ministerialbok nr. 572A09 (1855–1865), ektevigde 1858.
- Møre og Romsdal fylke, Sunndal, ministerialbok nr. 590A05 (1847–1877), inn- og utflytta 1864 s. 397.
- Folketeljinga for Sunndal frå 1865.

Svar

Gå tilbake til «Sunndal: Sunndalsboka»