Christoffer Andersson Grønberg, g. med Ildri Audensdotter

Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal

Svar
gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Christoffer Andersson Grønberg, g. med Ildri Audensdotter

Legg inn av gj04325 » 16 jan 2008 14:38:34

Eg søkjer opplysningar om Christoffer Andersson Grønberg i Kristiansund, som i januar 1795 vart gift med Ildri Audensdotter lenke. Desse fekk ein son Christian f. i juni same året lenke. Det ser ut til at Ildri døydde allereie i 1798 (jordfesta 8. juni) lenke. Ildri Audensdotter var frå Grytneset i Øksendalen (f. 1756). I Sunndalsboka er for øvrig mannen kalla Grønbech, og det står at han var bakar. Eg har så langt ikkje gjort noko sikkert funn av verken han eller sonen i FT 1801, så her treng eg hjelp. Og er det nokon som veit noko meir om desse personane? I FT 1801 ser eg at namnet Grønberg finst i Malvik i Sør-Trøndelag og Vestby i Akershus.

Helsing Knut Sæther

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Christoffer Andersson Grønberg, g. med Ildri Audensdotte

Legg inn av gj04325 » 16 jan 2008 17:01:27

Det må vel vere Christian vi finn her i Nesset, oppført som barn til Christen Audensson og Marit Larsdotter lenke. Vi ser at han har "Christophersen" som farsnamn, og Christen Audensson viser seg dessutan å vere bror til Ildri Audensdotter.

Knut.

Tore Kristiansen
Innlegg: 3975
Registrert: 18 nov 2004 09:47:39
Sted: KRISTIANSUND N

Re: Christoffer Andersson Grønberg, g. med Ildri Audensdotte

Legg inn av Tore Kristiansen » 26 jan 2008 20:00:23

Det er skifte etter Christoffer Andersen Grønberg i Kristiansund i 1800. Jeg legger det ved som 2 filer.

Da er det mulig at det er rette personen som står innført blant de døde i 1797, døde 11. oktober og ble jordet 15. oktober
Du har ikke de nødvendige tillatelsene for å vise filene som er tilknyttet dette innlegget.
:) Tore

gj04325
Innlegg: 2565
Registrert: 23 jan 2007 11:36:49
Sted: FØRDE

Re: Christoffer Andersson Grønberg, g. med Ildri Audensdotte

Legg inn av gj04325 » 27 jan 2008 18:02:45

Flott! Da kjenner vi skjebnen til Christoffer Andersson Grønberg. Skal studere denne registrerings- og vurderingsforretninga litt nærare etter kvart, men det kjem vel fram at han hadde gått i bakarlære i Kristiansund og oppnådd borgarskap i februar 1798. I skiftet blir eventuelle arvingar oppfordra om å melde seg, forstår eg framstillinga rett.

Takk til deg for hjelpa.

Helsing Knut.

Svar

Gå tilbake til «Kristiansund»