Anna Karine frå Våge

Moderator: MOD_Hordaland

Svar
Brukeravatar
dn12176
Innlegg: 46
Registrert: 18 nov 2004 17:38:23
Sted: FJELL

Anna Karine frå Våge

Legg inn av dn12176 » 25 jul 2007 21:08:25

Anna Karine Magnesdatter var fødd i 1872, på ein husmannsplass i Våge i Fjell. Foreldra var Magnus eller Magne (det ser ut som han brukte desse to navna om einannan) Andersen frå Arefjord og Kari Andersdatter frå Våge. Då dei hadde folketelling i 1900, budde Anna Karine framleis heime hos foreldra, og var ugift. Kjenner nokon til kva som vart hennar vidare skjebne ?
Magne

23617
Innlegg: 793
Registrert: 04 mar 2009 12:31:10
Sted: MJØNDALEN

Re: Anna Karine frå Våge

Legg inn av 23617 » 07 aug 2011 15:04:27

Hei

Anta du har sett at på FT 1910 bor hun sammen med sin mor som er enke

http://da.digitalarkivet.no/ft/person/pf01036691002689/

Arvid D

Brukeravatar
dn12176
Innlegg: 46
Registrert: 18 nov 2004 17:38:23
Sted: FJELL

Re: Anna Karine frå Våge

Legg inn av dn12176 » 07 aug 2011 15:45:09

Hei, Arvid.

Eg må vedgå at dette spørsmålet har vore lagt bort, og at eg ikkje har sett henne i ft. 1910. Men i mellomtida har eg fått spørsmål om henne frå bygdebokforfattaren, som heller ikkje har noka svar på kvar ho blei av. Når ho so viser seg å bu sammen med mora, ugift i 1910 - om ho so gifta seg so var ho noko gammal - 38 år i 1910. Det eg ogso har funne ut, er at då dei hadde utskiftning i 1918 på Våge, so var dette plasset tomt.

Magne

23617
Innlegg: 793
Registrert: 04 mar 2009 12:31:10
Sted: MJØNDALEN

Re: Anna Karine frå Våge

Legg inn av 23617 » 07 aug 2011 16:45:39

Mor Kari døde i 1915

http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?s ... %2509%25EB


Datter Anna MULIGENS død i Bergen i 1943

http://da3.uib.no/cgi-win/WebGlobal.exe ... basarframe

Så etter at mor døde så har vel datter etterhvert tatt båten fra Våge eller Foldnes til Bergen og fått arbeid der

Arvid D

Brukeravatar
dn12176
Innlegg: 46
Registrert: 18 nov 2004 17:38:23
Sted: FJELL

Re: Anna Karine frå Våge

Legg inn av dn12176 » 08 aug 2011 10:51:54

Hei, Arvid :D

At Anna har reist til Bergen, og fått seg arbeid er ikkje usannsynlig, og eg held det heller ikkje usannsynlig at det er henne som er oppført som død i 1943.
Men ifrå ikkje usannsynlig til å vita med sikkerhet, er eit langt sprang. Men det er eit spor som er verd å prøva å følgja opp.
Tusen takk for god hjelp :) :)

Magne

23617
Innlegg: 793
Registrert: 04 mar 2009 12:31:10
Sted: MJØNDALEN

Re: Anna Karine frå Våge

Legg inn av 23617 » 08 aug 2011 11:07:38

Helt enig med deg Magne. Det var der for jeg sier MULIGENS med store bokstaver.
Litt moro å bla i områder en tidligere var kjent. Holdt til på sommeren på Fjereide fra sent 50 tall og utover og tok båten den gangen.

Får se om jeg graver litt mere her

Arvid D

Svar

Gå tilbake til «Fjell»