Legg inn
av gj04879 » 16. april 2007 kl. 18.52
Hei igjen. Det er fint å sjå at du har vore inne på sama tanken. Sjølv om dåpen til Hallvard ennå ikkje er funnen, er indisia så sterke, at, som eg sa i mitt førre innlegg, kan det knapt vera tvil om kven Hallvard var. Særleg to ting bygger opp om dette:
1) Frå 1820-åra var det to husmannsfamiliar på Longabakka under Brekke. Det eine ekteparet var Sebjørn Kristenson d. 1871 og Siri Torbjørnsdotter d. 1878. Sonen Torbjørn Sebjørnson tok over etter dei i 1860-70-åra. Det andre ekteparet var Jakob Jakobson og Eli Hallvardsdotter. Jakob døydde i 1848 og Eli i 1865, men før folketeljinga blei halden. Når då ein Hallvard Jakobson er nemnt som husmann her i folketeljinga frå 1865 saman med kona si, Siri Bjednesdotter, og med born fødde alt 8 år tidlegare, er det vanskeleg å sjå at dette kan vera nokon annan enn ein eldste son, oppkalla etter morfar sin på Brekke, som då hadde teke over plassen.
2) Eldste dotter til Hallvard og Siri heitte Eli, og det er rimeleg å rekna dette som ei oppkalling etter farmor til barnet, medan den neste dottera fekk namnet Siri etter mormora.
Eg trur ein skal leita lenge og vel før ein finn andre foreldre til Hallvard Jakobsen enn Jakob Jakobsen og Eli Hallvardsdotter.
Vennleg helsing Arnvid L.