Håper på svar

m v h Thorbjørn H. Thorsen
Moderator: MOD_Møre_og_Romsdal
Morten skrev:Håpar du fortsatt sjekker innom her Torbjørn ...
Fann fødselen til Rasmus i 1852 (nr. 23)
Kildeinformasjon: Møre og Romsdal fylke, Vanylven i Vanylven, Ministerialbok nr. 501A06 (1844-1868), Fødte og døpte 1852, side 32.
Permanent sidelenke: http://www.arkivverket.no/URN:kb_read?i ... x_side=-37
Her finn ein at foreldre til Rasmus er Synnøve Nilsdatter Årøy og Rasmus Rasmusen Store-Kjølde.
I Vanylven bygdebok finn ein att Synnøve under gården Søre Årøy bruk nummer 2 på Åheim. Ho er barn nummer 3 av Nils Nilsen Hauge (1801-1876) frå gamle Davik prestegjeld og kona Anne Simonsdatter (1798-1882), ho og frå Davik. Nils og Anne skal vere gifte 1825, og dei pakta i Årøy frå 1832.
Eg har ikkje leita etter Nils og Anne i Davik, men vil tru at du vil kunne finne meir om dei der om du ønsker. Synnøve er ifølge bygdeboka fødd i 1826. Ho er ikkje nemnd i kyrkjeboka for Vanylven, noko som mest trulig betyr at ho var fødd og innskriven i kyrkjeboka i Davik.
Synnøve vart gift 1855 med Mons Knutsen Lilleide (1826-1887) og dei busette seg på garden Øvrebrekke i Syltefjorden i Vanylven. Dei fikk ei datter Berte (1856-1919) g.m Anders Olsen Skalle (1832-1908). Eit barnebarn av desse to ved namn Odd vart gift 1947 med Halldis frå Bergen. Denne familien bur der fortsatt...
mvh
Morten Sylte